Detaljer

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2021
  • Sted:
    VARHAUG
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    ROGALAND
  • Arbeidssted:
    VARHAUG
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3346239
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune

Rektor

Høyland skule sin gode rektor skal slutte hos oss og Hå kommune har derfor ledig stilling som rektor frå 1.3.2021.

 

Høyland skule ligg på Høyland langs fylkesveg 44 mellom Nærbø og Bryne. Skulen har 121 elevar frå 1. - 7. klasse og omlag 20 tilsette. Høyland skule er ein god skule å gå på, og er ein bygdaskule med mangfald og godt engasjement. Foreldregruppa, FAU og SMU/SU er aktive og jobbar for at det skal vera gode læringsforhold både inne og ute på skulen. Høyland skule sin visjon er: Høyland skule - trivsel og læring. Både elevar og personale har kvar sin Chromebook til bruk i læringsarbeidet.


Me ønskjer oss ein leiar som

  • kan leia kollektive prosessar og setja pedagogisk retning
  • har tydeleg og inkluderande leiarskap
  • er oppteken av elevane si utvikling og at læring står i sentrum
  • er oppteken av trygt og inkluderande skulemiljø
  • er utviklingsorientert
  • er fleksibel og har godt humør
  • trivst saman med elevar, føresette og tilsette
  • er aktiv bidragsytar i rektorkollegiet og i lokalmiljøet
  • har gjennomføringsevne

 Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning
  • ønskeleg med leiarerfaring
  • leiarutdanning/eventuelt avtale om gjennomføring av minimum rektorskule
  • personlege eigenskapar vert vektlagt

 Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn
  • God pensjonsordning
  • Vi vil leggja forholda til rette for å kunna ta masterutdanning innan leiing
  • Eit positivt og utviklande leiarmiljø

Attester og vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din.

Politiattest
Gyldig politiattest nyere enn tre måneder må leveres før tiltredelse.

Ansettelsesvilkår
Ansettelsen skjer på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysningen, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordninger med ulykkesforsikring i fritiden. Kommunen har prøvetid på 6 måneder og regler for flyttegodtgjørelse.