• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    25.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4759843
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rektor - 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vestbygd skule har ledig 100 % vikariat som rektor frå 01.01.2023 - 31.12.2023 og treng deg med på laget!

Leiarteamet består av rektor og 2 inspektørar.

I Alver kommune har du som rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.

Om Vestbygd skule

Vestbygd skule ligg fint til i Holmemarka fem minutt nordvest for Frekhaug i Alver kommune. Det tek om lag 10 minutt med bil frå Nordhordlandsbrua.

Skulen har 147 elevar fordelt på 1.-7.trinn. Det er språkdeling på fleire av trinna. Skulen er med i programmet ”Trivselslederne”. 
Det er for tida omlag 35 tilsette ved skulen, og arbeidsmiljøet er godt. Skulen har eit flott uteområde som innbyr til mange ulike aktivitetar.

På Vestbygd skule er det eit inkluderande  og godt arbeidsmiljø med god delekultur. Fleirtalet av dei tilsette har lang fartstid på skulen, og det har vore lite utskifting av tilsette. Skulen har fokus på å skape felles møtepunkt kor elevar og tilsette får utøve kreativitet, utforskartrong, og det å være nyfiken i form av sosiale samankomstar. Elles er satsingsområda våre LK2020, lesing og rekning, og eit trygt og godt skulemiljø.

Vestbygd skule har eit tett og godt samarbeid med andre instansar som PPT, helsesjukepleiar,  og andre. Samarbeidet med FAU er godt og dei støttar godt opp om skulens satsingsområde og målsetjing.

Arbeidsoppgåver

Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer." 

Som rektor skal du også:

  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
  • Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
  • Forvaltning og kvalitetsutvikling.
  • Økonomistyring og resultatkontroll.
  • Samspel med elever, foreldre og nærmiljø.
  • Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.

Kompetanse

  • Opplæringslova sine krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må være oppfylt. 
  • Utdanning i skuleleiing er ønskjeleg.
  • God system- og rolleforståing
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
  • Erfaring som leiar frå skule, fortrinnsvis som rektor.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring fra grunnskolen 
  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
  • Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Administrasjonsspråket i Alver er nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Evne til å være tydeleg og synleg i møte med elever, ansatte og foreldre.
  • Du har gode samarbeidsevner, og er løysningsorientert
  • Evne til å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant annet LK20 og inkluderande skulemiljø.
  • Kunne motivere og inspirere elever og ansatte. Relasjonsbyggjar.
  • Leggje til rette for innovasjon og nyskapning.
  • Personleg eigna vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit fagleg dyktig kollegium.
  • Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
  • Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
  • Leiaropplæring
  • Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    25.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4759843
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.09.2022