• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088934
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.04.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rektor - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vil du vere med å gjere ein forskjell for borna på Knarvik barneskule? Vår rektor går av med pensjon og vi søkjer etter hans erstattar frå 01.08.2023.

Til å leie Knarvik barneskule søkjer vi ein fagleg sterk rektor som ønskjer å byggje vidare på det gode arbeidet som vert gjort på skulen. Vi ser etter deg som er god på relasjonar og kommunikasjon, som leiiar tillits- og kunnskapsbasert og som har evne til å skape oppslutning om felles mål. Skulen treng ein samlande leiar som involverer og engasjerer, og som er opptatt av å sikre alle elevar ein skulekvardag som legg grunnlag for eit godt utdanningsløp. 

I Alver kommune har rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Rektor skal vere pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.

Om Knarvik barneskule
Knarvik barneskule er ein nybygd skule som ligg sentralt plassert i høve natur og idrettsanlegg midt i Knarvik. Skulen vart teken i bruk i mai 2019 og framstår som ein topp moderne skule der alt ligg til rette for å skapa eit godt læringsmiljø for elevane.
Til skulen ligg og Læringssenteret, eit senter som gjev eit tilpassa undervisningstilbod for elevar med særlege behov frå heile Nordhordland. Skulen har i dag ca 270 elevar og eit personale på vel 40.

Arbeidsoppgåver
Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."

Som rektor skal du også:
• Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
• Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
• Forvaltning og kvalitetsutvikling.
• Økonomistyring og resultatkontroll.
• Samspel med elever, foreldre og nærmiljø.
• Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.

Kompetanse
• Opplæringslova sine krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må være oppfylt.
• Utdanning i skuleleiing er ønskjeleg.
• God system- og rolleforståing
• Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
• Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
• Erfaring som leiar frå skule, fortrinnsvis som rektor.
• Ønskeleg med undervisningserfaring frå grunnskolen
• God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
• Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Administrasjonsspråket i Alver er nynorsk

Personlege eigenskapar
• Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
• Evne til å være tydeleg og synleg i møte med elever, ansatte og foreldre.
• Du har gode samarbeidsevner, og er løysningsorientert
• Evne til å jobbe strategisk, systematisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant anna LK20 og inkluderande skulemiljø.
• Kunne motivere og inspirere elever og ansatte, vere ein god elasjonsbyggjar.
• Personleg eigna vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr
• Eit fagleg dyktig kollegium.
• Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
• Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
• Mentorordning
• Leiaropplæring
• Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest
Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088934
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.04.2023