• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4286751
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rektor - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Det er ledig 100 % fast stilling som rektor ved Ostereidet barneskule frå 01.02.2022.

Som rektor i Alver kommune har du eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.

Om Ostereidet barneskule
Ostereidet barneskule ligg tett på naturen i naturskjønne omgjevnader på Ostereidet like ved Ostereidet ungdomskule og Eikanger idrettspark. Skulebygget er relativt nytt og moderne utforma med gode fasilitetar til undervisning og administrasjon. Skulen har 7. klassar fordelt på 7. trinn, og har for tida 98 elevar.
Det er 18 tilsette ved skulen. 10 lærarar, 5 elevassistentar, 1 lærling samt ein inspektør/merkantil i tillegg til rektor.
Ostereidet barneskule er ein framoverlent skule som er opptekne av gode læringsprosessar og trygge og gode klassemiljø for elevane, og eit godt profesjonsfellesskap mellom kollegaer.

Arbeidsoppgåver
Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."

Som rektor skal du også:

• Vidareføre eit godt samarbeide mellom skule og heim
• Samarbeide om felles utvikling av skulane i Alver
• Samarbeide med andre sektorar om eit godt tilbod til elevane

Kvalifikasjonar:
• Godkjend pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
• Ønskjeleg med rektor /skuleleiarerfaring og skuleleiarutdanning
• God system- og rolleforståing
• Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
• Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanforståing
• God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
• Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Personlege eigenskapar
Du må kunne byggje tillit og relasjonar til både elevar, tilsette og foreldre. Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert. Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.

Vi tilbyr
• Eit fagleg dyktig kollegium.
• Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
• Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
• Leiaropplæring
• Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest
Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4286751
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.01.2022