Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
20.05.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5731161Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Rektor 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Like sør for Skogsskiftet, og like bak Sotra vidaregåande skule avd. Sund ligg Skogsvåg skule. Der ligg den, fint mellom bakkar og berg, med Sundhallen og Skogsvåg stadion som næraste nabo. Frå skulen er det kort veg til toppen Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen.
Skulen har rike tradisjonar og historikk knytt til song og musikk, til kystkultur og til det som rører seg i lokalmiljøet. Vi har nyleg blitt godkjent som dysleksivenleg skule, og har mellom anna lesing, klasseleiing og uteskule som satsingsområde. Å ha undervisning ute i naturen er viktig for oss på alle trinn og i SFO.
Inneverande skuleår har vi 240 elevar inkludert elevar i innføringsklasse, og 40 tilsette. Administrasjonen består av rektor, ein avdelingsleiar på 1.-4.trinn, ein på 5.-7.trinn, SFO-leiar og merkantil.
Skogsvåg skule er ein praksisskule i samarbeid med HVL
Arbeidsoppgåver:- Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeide med politisk og administrativt nivå
- Samarbeid med andre instansar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Undervisningskompetanse frå grunnskule
- Pedagogisk kompetanse
- Leiarerfaring, gjerne frå grunnskule
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Relevant leiarutdanning
- Erfaring innan personalleiing og økonomistyring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
- God IKT-kompetanse
- Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering
- Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- Har evne til å samarbeide, lytte , rettleie og skape gode relasjonar
- Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Skulesjef oppvekst Jon Erik Egeland 915 20 625
Noverande rektor Lena Merethe Fjeldstad tlf.92809228 - 56122522
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
20.05.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5731161Se här för andra jobb från Øygarden kommune