Company
BKKApplication deadline
31.05.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Nettselskaper (kraftnett)Educational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5020, BERGEN
BERGEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
2925938Look here for other jobs from BKK
- Updated 15.05.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
BKK
Rekneskapssjef Faktura og betaling
Nettselskaper (kraftnett)
I BKK blir du ein del av eit av Norges leiande kompetansemiljø innan energi og infrastruktur, med 1300 dyktige og inspirerande kollegaer. Verksemda satsar stort på innovasjon og utvikling, og omfattar alt frå produksjon av vasskraft og utvinning av andre fornybare energikjelder, til utbygging og drift av eit framtidsretta fiber-, straum- og fjernvarmenett. Vi leverer heilskaplege kundeløysingar innan energi, telekom og infrastruktur.
Ansvar for faktura, bokføring og betaling for heile BKK-konsernet vert no lagt til Førde, og vi søkjer ein person med erfaring frå rekneskap og interesse for leiing til stilling som
Rekneskapssjef Faktura og betalingVår nye leiar vil ha ansvar for å samordne, motivere og vidareutvikle avdeling Faktura og betaling, som består av fagmiljø både i Førde. Bergen og Kvinnherad. Ei viktig rolle blir å integrere dei tre lokasjonane til ei eining. Stillinga er plassert i Førde, men det er viktig at rekneskapssjefen også er aktiv og tilstades ved dei to andre lokasjonane for avdelinga.
Organisatorisk er stillinga plassert hos Økonomisenteret i BKK AS med rapportering til konsernrekneskapssjef.
No ser vi etter ein dyktig leiar som er nysgjerrig og genuint opptatt av å utvikle tenester for framtida innan fakturabehandling, bokføring og betaling.
Sentrale oppgåver vil elles vere:
- Utvikle eininga i tråd med utvikling innan dette kompetanseområdet
Personalansvar, mål- og resultatansvar
Ansvar for avdelinga sitt arbeid med internkontroll i finansiell rapportering
Endrings- og forbetringsarbeid med fokus på digitalisering og effektive prosessar
Følgje opp lovendringar innan rekneskap, bokføring og MVA
Delta og ha ansvar for avdelinga si implementering av verksemdsendringar
Andre rekneskapsrelaterte oppgåver innanfor Økonomisenteret
Vi søkjer deg som har leiarerfaring og fortrinnsvis høgare utdanning på masternivå, gjerne innan rekneskap og revisjon. God kunnskap om gjeldande lovverk innan rekneskap, bokføring og MVA er viktig for å lukkast i stillinga. Du er interessert i digitale løysingar og har ei systematisk tilnærming i forbetringsarbeidet. Du evnar og trivst med å få medarbeidarane til å lukkast gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap. I tillegg trur vi at du vert motivert av utfordrande oppgåver og er kvalitetsbevisst og uthaldande i endringsprosessar.
Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med gode personal- og velferdsordningar. Vi legg til rette for at våre tilsette skal få høve til å utvikle seg, og vi tilbyr internt leiarutviklingsprogram og anna relevant kompetanseheving.
Vi gjer merksam på at vi berre tek imot søknader via vårt elektroniske søknadsskjema.
Company
BKKApplication deadline
31.05.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Nettselskaper (kraftnett)Educational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5020, BERGEN
BERGEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
2925938Look here for other jobs from BKK
- Updated 15.05.2020