• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    SOGNDAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    SOGNDAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3966133
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Rekneskapsrådgjevar

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledig 100 % fast stilling som rekneskapsrådgjevar for deg som vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Til stillinga ligg varierte og utfordrande rekneskapsoppgåver. I tillegg til kommunerekneskapen fører me òg rekneskapen for Sogndal kyrkjeleg fellesråd og Sogn brann og redning IKS. Kommunen nyttar Visma Enterprise sitt økonomisystem, og me er opptekne av å nytte digitale verktøy for ein enklare og meir effektiv arbeidskvardag.

 

Arbeidsoppgåver:

· daglege rekneskapsoppgåver

· avstemming og kvalitetssikring

· meirverdiavgiftsoppgjer

· utlån

· delta i årsoppgjeret

· kostrarapportering

· utarbeiding og vedlikehald av rutinar

· brukaradministrasjon i Visma

· digitalisering og automatisering av rutinar, prosessar og system

· parkeringsgebyr

· rettleiing og bistand intern i organisasjonen

 

Kvalifikasjonar:

· økonomisk utdanning frå høgskule/universitet

· god rekneskapsforståing

· god IKT-kompetanse

· det er ein fordel med relevant erfaring frå kommune eller fylkeskommune, men nyutdanna vert og oppfordra til å søkje

 

Eigenskapar:

· fleksibel og har gode samarbeidsevner

· evne og vilje til å dele kunnskap

· evne til å arbeide sjølvstendig og i team

· systematisk, påliteleg og nøyaktig

· villig til å dele kunnskap med andre og samarbeide mot felles mål

· initiativrik og løysingsorientert

 

Me tilbyr:

· eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst

· eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

· gode pensjons- og forsikringsordningar

· gode velferdsordningar

· fleksible arbeidstidsordningar

· løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    SOGNDAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    SOGNDAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3966133
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune