Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
30.09.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3814119Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 11.05.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Gulen kommune
Reinhaldar - tilkallingsvikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer deg som vil vere tilkallingsvikar som reinhaldar i Gulen kommune
Eining eigedomsforvaltning har tenesteansvaret for fagområda kommunale bygg, reinhald, kommunale vegar, vatn og avløp.
Vi har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere tilkallingsvikar ved eininga. Dette kan vere oppdrag når vårt faste reinhaldspersonell har fråvær, ferie, ved ekstraordinæreoppgåver og eventuelt anna fråvær. Dersom du ynskjer å vere disonibel som tilkallingsvikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du kan også når som helst trekke deg frå lista over aktuelle tilkallingsvikarar.
Våre faste reinhaldarar har arbeidstid på dagtid. Det er ynskeleg at tilkallingsvikarane også jobbar på dagtid, men vi kan vurdere å inngå andre avtaler om arbeidstid dersom tilkallingsvikaren har behov for det.
Du vil få opplæring, samt oppfølging etter behov.
Arbeidsoppgåver:
- Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar:
- Det er ein fordel med erfaring som reinhaldar, men ikkje eit krav. Opplæring vil verte gjeve
- Den tilsette må kunne kommunisere på norsk - både munnleg og skriftleg
- Den tilsette må ha godkjent førarkort klasse B, og det er ynskjelege at han disponerer bil
Personlege eigenskapar:
Må vere fleksibel, ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og vere stabil
- Kunne bruke arbeidsmetodar og gjennomføre moderne reinhald i tråd med opplæringa som vert gjeve
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage (inkl reinhaldarar og vaktmeistre på desse bygga), vert det stilt krav om politiattest
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin for offentleggjering
Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
30.09.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3814119Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 11.05.2021