Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5337055Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 31.08.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Reinhaldar, faste helgestillingar, Øygarden lokalmedisinske senter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Reinhaldar til fast helgestilling kvar tredje helg, Øygarden lokalmedisinsk senter
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Reinhaldstenesta i Øygarden kommune er samla i ein eigen eining med ein einingsleiar og fire avdelingsleiarar som har ansvar for om lag 120 fast tilsette og eit titals ringevikarar. Eininga har for tida ansvar for reinhaldet på 110 tenestestader. Reinhaldsarbeidet vert utført etter Interkommunal norm for standard og kvalitet, og omfattar dagleg og periodisk reinhald og hovudreingjering. Tenesta satsar på bruk av godt utstyr og gode maskiner og minst mogeleg kjemikaliar. Reinhaldarane er ein multikulturell gjeng frå meir enn 20 forskjellige nasjonar. Desse er svært stabil arbeidskraft og meir enn ein fjerdedel har teke fagbrev innan reinhaldsoperatørfaget. Reinhaldstenesta er ein stor og dynamisk eining med fleksibilitet til å tilpasse seg endringar.
Arbeidsoppgåver:
- Reinhald av legevakta
- Utreisevask i 3. etasje etter behov
- Vask av publikums-/handikaptoalett i 2. og 3. etasje
- Anna reinhald ved behov
- Tre reinhaldarar vil bytte på å jobbe kvar tredje helg, laurdagar og søndagar. Arbeidstida er mellom 12:00 og 15:00 desse dagane
Kvalifikasjonar:
- Må beherske norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, men søkjarar utan fagbrev kan også søke
- Det er ønskjeleg med erfaring frå reinhaldsyrket, gjerne frå arbeid på institusjon
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Eit positivt menneskesyn med gode haldningar til medmenneske
- God til å lytte
- Vere serviceinnstilt overfor brukarane
- Vere løysingsorientert og fleksibel
Anna:
- Det er ein fordel at du disponerer eigen bil i tenesta
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Anne-Grethe Viksøy (avdelingsleiar reinhald sone Straume) tlf. 56 16 14 92 / 90 81 96 38
Stian Wikran Johansen (einingsleiar reinhald), tlf. 55 09 72 60 / 93 85 09 96
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5337055Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 31.08.2023