• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Lindås
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4090924
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Reinhaldar - fast stilling, 4 timar kvar arbeidsdag

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig ei fast reinhaldarstilling for tida ved Lindås barnehage. Arbeidstida er fire timar dagleg med oppstart kl. 06.00. Dette utgjer 53,33 % stilling. 

Lindås barnehage er helt ny, og opna i august 2021. Inventar og utstyr er lyst, trivelig og moderne. Utstyret som reinhaldar nyttar seg av er nytt og moderne. Barnehagen er planlagt med to reinhaldarar, der den eine allereie er tilsett. Heilårleg drift gjer at reinhaldar vert tilsett med ordna arbeidsforhold og arbeid på dagtid på hele året. Stillinga passar godt for deg som no ønskjer å arbeide ein kortare arbeidsdag, det er vidare mulegheit for å auke stillingsstorleik seinare om du ønskjer det. 

Dersom du forstår deg på moderne reinhaldsmetodar, eller er villeg til å lære og arbeide etter dette, vil vi gjerne at du søkjer på denne stillinga. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er reinhald etter kvalitetsstandarden INSTA 800,. Standarden set krav til kvalitet på utført arbeid, og våre reinhaldarar tar ansvar for heilskapeleg og eiga arbeid for å oppretthalde standarden. Stillingane femner om dagleg reinhold, vinduspuss, periodisk- og hovedreint (nedvask). Vi nyttar mykje maskinelt reinhald, og søkjaren må vere fortruleg med dette.

Bruk av data som arbeidsverktøy må påreknas. Reinhaldet driv vi etter moderne prinsipp, godt tilpassa miljøkrava. Alver kommune driv dagreinhald. Det må påreknast arbeid andre plassar dersom behovet tilseier det, også ved å ta del i dei andre gjeremåla avdelingen driv med.

Ønskt kompetanse

Generelt vil vi prioritere søkjare med fagbrev, dokumentert fagleg forståing , og en god verbal kommunikasjonsform. I tillegg vert kjennskap og interesse for maskinelt reinhald, data som verktøy, og ikkje minst dei personlege og faglege kvalifikasjonar vektlagt. Vi ser det som viktig å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø, og derfor er det viktig å tilsetje peronar som kan arbeida strukturert og sjølvstendig, er engasjert og løysingsorientert og har evne til å kommunisera godt med kundar og kollegaer, i den hensikt å yta både informasjon, service og forståing for godt reinhald.

Søkjarar med førarkort klasse B vert føretrekt.

Vi tilbyr

Ein sjølvstendig og utfordrande stilling i eit hektisk og viktig fagfelt. Ein arbeidsplass som set krav på den eine sida , men som også yter tillit til dei rette personar. Fleksisbilitet med fokus på gode tenester og miljø vert prioritert høgt. Godt og moderne utstyr.

Lønn- og tilstejingsvilkår i samsvar med  lov- og avtaleverk.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Lindås
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4090924
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.09.2021