Ledig stilling

Sogndal kommune

Reinhaldar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune har frå oktober ledig 2 x 100% fast stilling som reinhaldar, for tida i sone Sogndal.

 

Arbeidsoppgåver:

Dagleg, periodisk og årleg reinhald og vedlikehald av kommunale bygg.
Bruk av digitale verktøy
Bruk av maskiner og robot
Følgje reinhaldsplan

Kvalifikasjonar:

Ønskjeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, men ufaglærte vil også bli vurdert
Relevant erfaring
Beherske norsk skrifteleg og munnleg
Krav om grunnleggande datakunnskap for å kunne håndtere digitale verktøy og robotar
Ønskeleg med førarkort.

Personlege eigenskapar:

Du er serviceinnstilt, pliktoppfyllande, lærevillig og har gode samarbeidseigenskapar
Du kan arbeide sjølvstendig, men kan også vere med på å skape innhaldet i eigen arbeidskvardag.
Jobbe etter Sogndal kommune sine verdiar - samskapande, open, god og nysgjerrig.

Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med praksis

 

Me tilbyr:

Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Variert arbeid i eit positivt miljø

Politiattest må leggjast fram ved tilsetting

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.