• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4721741
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Reinhaldar - 100% fast - Reinhaldsavd.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om Reinhaldsavdelinga:

Avdelinga er organisert i tenesteområde Drift- og vedlikehald, og har tre ansvarsområde. Avdelinga driftar 3 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader. Reinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 80 personar. Område som vert dekka ligg i heile den vidstrakte kommunen vår.

Med tiltreding snarast er det ledig 100% fast stilling som mobil reinhaldar. Dagleg arbeidstid er mellom 06.00 og 13:30. 

Den mobile reinhaldaren vil ha ulike arbeidsstadar, men oppmøtestad vil vere Knarvik, om ikkje anna vert avtalt. Stillinga er knytt til varierte og fleksible arbeidsoppdrag over heile kommunen, og arbeidet inkluderar dagleg reinhald, ned/utvask av boligar, vikarfunksjonar, vinduspuss i/u, hovudreinhald, m.m. Forflytning av maskiner og utstyr må påreknast.

 Arbeidsoppgåver

Som reinhaldar vil arbeidsoppgåvene vere reinhald etter kvalitetsstandarden INSTA 800,. Standarden set krav til kvalitet på utført arbeid, og våre reinhaldar tek ansvar for heilskapeleg og eiga arbeid for å oppretthalde standarden. Stillingane femner om dagleg reinhold, vinduspuss, periodisk- og hovedreint (nedvask). Vi nyttar mykje maskinelt reinhald, og søkjaren må vere fortruleg med dette. Bruk av data som arbeidsverktøy må påreknast.  Reinhaldet driv vi etter moderne prinsipp, godt tilpassa miljøkrava.

Ønskt kompetanse

Generelt vil vi prioritere søkjarar med fagbrev og dokumentert fagleg forståing. I tillegg vert kjennskap og interesse for maskinelt reinhald, data som verktøy, saman med personlege og faglege kvalifikasjonar vektlagt. Vi ser det som viktig å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø, og derfor er det viktig å tilsetje peronar som kan arbeida strukturert og sjølvstendig, er engasjert og løysingsorientert og har evne til å kommunisera godt med kundar og kollegaer, i den hensikt å yta service og forståing for godt reinhald.

Til stillinga er det krav til både sertifikat kl. B, og til å nytte tenestebil i arbeidet. 

Vi tilbyr

Ein sjølvstendig og utfordrande stilling i eit hektisk og viktig fagfelt. Ein arbeidsplass som set krav på den eine sida, men som også gir tillit til dei rette personar. Fleksibilitet med fokus på gode tenester og miljø vert prioritert høgt. Godt og moderne utstyr.

Lønn og tilstejingsvilkår ihht gjeldande lov- og avtaleverk.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4721741
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.08.2022