Bedrift
NasjonalbiblioteketSøknadsfrist
12.02.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
BibliotekUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0255, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
5538168Se her for andre jobber fra Nasjonalbiblioteket
- Oppdatert 20.01.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Nasjonalbiblioteket
Redaksjonsmedarbeidar med ansvar for Fosseforedraget og -stipendet
Bibliotek
Nasjonalbiblioteket er ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i Noreg, og har ein stadig aukande formidlingsaktivitet til eit allment publikum over heile landet. Vi har som ambisjon å vere den fremste møteplassen for formidling av norsk kulturhistorie, og ein leiande folkeopplysingsinstitusjon. I 2023 fekk Nasjonalbiblioteket ansvar for å administrere regjeringa sitt årlege internasjonale Fosseforedrag, som blei etablert for å heidre den norske nobelprisvinnaren Jon Fosse. Fosseforedraget skal kvart år haldast av ein internasjonalt verdsett forfattar, dramatikar eller litteraturforskar, og hendinga skal markerast med eit større arrangement på Nasjonalbiblioteket. I samband med Fosseforedraget blir det kvart år delt ut eit Fossestipend til ein omsetjar av norsk litteratur internasjonalt.
No søker vi etter ein kunnskapsrik og engasjert redaksjonsmedarbeidar til eit toårig engasjement med ansvar for planlegging, administrasjon og gjennomføring av Fosseforedraget. Til stillinga vil det òg ligge oppfølging og koordinering av Fossestipendet. Stillinga vil vere ein del av redaksjonen til Nasjonalbiblioteket og skal bidra til det redaksjonelle kulturformidlingsarbeidet elles i avdelinga.
Personen vi søker, må ha solid erfaring med litteraturformidling til eit breitt allment publikum, og ha god kjennskap til det internasjonale litteratur- og kulturfeltet. Stillinga krev at ein er målretta, fleksibel og har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Stillinga er ein del av seksjonen for redaksjonell formidling i avdelinga for kulturformidling og informasjon, og rapporterer til den redaksjonelle leiaren, som dessutan er seksjonsleiar.
Kvalifikasjoner:
* dokumentert erfaring med litteraturformidling til eit allment publikum, og erfaring med praktisk gjennomføring av større arrangement
* solid og oppdatert kjennskap til det internasjonale litteratur-, kultur- og dramatikkfeltet
* ein fordel å ha erfaring med kommunikasjon mot offentleg sektor og departement
* ei brei samfunns- og kulturinteresse, og dessutan god forståing av samfunnsoppdraget til Nasjonalbiblioteket og norsk kulturhistorie
* utdanning på masternivå frå høgskule eller universitet innanfor relevante fagfelt (realkompetanse kan erstatte formalkrav)
* svært god formuleringsevne på norsk (begge målformer) og engelsk
* eigna jf. avsnittet om personlege eigenskapar
Språk
norsk (begge målformer) og engelsk
Personlige egenskaper:
* målretta, strategisk og kreativ* effektiv, fleksibel og strukturert
* sjølvdriven og nøyaktig ved arbeid under press
* svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
* dokumentert gjennomføringskraft
Vi tilbyr:
* ein spennande jobb i eit kreativt miljø med høgt tempo* eit variert fagmiljø og hyggelege kollegaer
* gode moglegheiter for å utvikle seg fagleg
* fast stilling i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Aktuell lønnsplassering for denne stillinga er 62–68 avhengig av kvalifikasjonane, som for tida utgjer 604.900,- til 667.700,- per år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn
* medlemskap i Statens pensjonskasse
Bedrift
NasjonalbiblioteketSøknadsfrist
12.02.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
BibliotekUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0255, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
5538168Se her for andre jobber fra Nasjonalbiblioteket
- Oppdatert 20.01.2024