• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5657902
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rådgjevarar NAV Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søker to målretta og motiverte rådgivarar

Likar du å jobbe med mennesker og vil bidra til at fleire kjem i arbeid? Då kan du vera den vi ser etter !

 

NAV Sogndal har 2 ledige 100% stillingar som rådgivar. Stillingane er midlertidige og gjeld i første omgang 1 år frå tilsetting, og me håpar på rask tilsetting. Hovudfokuset er å bidra til at fleire kjem i arbeid og blir sjølvstendige. Arbeidsoppgåvene i den eine stillinga er arbeidsretta brukaroppfølging, kartlegging og arbeidsgjevarkontakt med mål om at den enkelte kjem i arbeid. Den andre stillinga vil i tillegg til arbeidsretta oppfølging også jobbe med sakshandsaming.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av portefølje med personar som står tilmeldt NAV og som treng rettleiing for å komme i arbeid og aktivitet
  • I samarbeid med brukar kartlegge ressursar og kompetanse, samt motivere og legge til rette for arbeid, aktivitet og utdanning/kvalifisering
  • Samhandle med arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • Motivere og vera pådrivar for arbeidsretta aktivitet og gode løysingar i ordinært arbeidsliv
  • Rettleiing og saksbehandling etter NAV sitt gjeldande regelverk, herunder lov om sosiale tenester i NAV
  • NAV er i stadig utvikling og endring, og andre arbeidsoppgaver kan bli aktuelle

 

 Kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig høgare utdanning frå høgskule eller universitet
  • God digital kompetanse
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne

 

Det er ønskeleg at du har:

  • God kartlegging- og rettleiingskompetanse
  • Erfaring frå saksbehandling
  • Har evne til å sette deg inn i nye arbeidsoppgåver og jobbar sjølvstendig

 

 Personlege eigenskapar:

  • Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
  • Løysningsorientert, likar å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Er målretta, strukturert og har gjennomføringsevne
  • Evne til å lytte og ha fokus på menneske sine ressursar og moglegheiter
  • Gode samarbeidsevner og er ein lagspelar
  • Prioriterer, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere raske endringar

Personlege eigenskapar og samarbeidsevne vil bli særleg vektlagt 

 

Me tilbyr:

  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilsetting skjer på kommunale vilkår og lønn etter tariffavtale eller nærare avtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5657902
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune