• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    09.07.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4674457
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Rådgjevar velferdsteknologi

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune er i positiv utvikling og har spennande tider med vekst, modernisering, og endring.

Har du relevant kompetanse, interesse og erfaring frå helse og omsorg og velferdsteknologi, samt lyst til å være med på å påverke utviklinga og sette retning innanfor sektor helse og omsorg i Sogndal kommune? Da må du søke på stillinga.

Stillinga er plassert i stab under kommunalsjef for helse og omsorg.

Oppgåver:

  • Delta og leie ulike prosjekt og utviklingsarbeid innanfor sektoren.
  • Utarbeide plan for, og iverksette kommunen sine satsingar og tiltak på bruk av velferdsteknologi innan helse og omsorg.
  • Legge til rette for fagleg og teknologisk utvikling innan helse- og omsorgstenesta.
  • Oppfølging av allereie iverksette tiltak.
  • Medverke til nytenking i sektoren med velferdsteknologi som verktøy.
  • Leie tenesteutviklingsprosessar.
  • Implementering og utvikling av velferdsteknologi og e-helse-løysningar.
  • Undervisning, rettleiing og rådgjeving.

Kvalifikasjonskrav: 

  • Høgare utdanning på minimum bachelorgrad i helse og sosialfag eller andre relevante fag.
  • Ynskeleg med leiarerfaring innan helse og omsorg.
  • Erfaring med, og kan vise til gode resultat frå forbetringsarbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • God organisasjonsforståing og evne til å handtere komplekse oppgåver.
  • Ynskeleg med relevant tilleggsutdanning
  • Ynskeleg med kjennskap og god forståing av helse- og velferdstenesta.
  • IKT-kunnskapar.
  • God fagleg innsikt og erfaring frå eitt eller fleire av følgande områder; tenestedesign, e-helse eller velferdsteknologi.

Personlege eigenskapar:

Desse eigenskapane vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt.
  • Robust, og med gode evner til å jobbe sjølvstendig og med fleire oppgåver pågåande samtidig.
  • Du er innovativ, systematisk og målretta.
  • Du er profesjonell og effektiv i ditt arbeid.
  • Du har gjennomføringsevne og er resultatorientert.
  • Du har evne til å tenke heilskapleg og være pådrivar, sjå mogelegheita og løysningar på tvers av tenestene, og sektor.
  • Er løysingsorientert.

Me tilbyr:

  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.
  • Ein spannande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Lønn etter avtale.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    09.07.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4674457
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune