• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    10.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Rådgiver
  • Ansettelsesform
    workTime.Deltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    nynorsk, norsk
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3503432
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Rådgjevar ved oppvekstkontoret

Offentlige tjenester og forvaltning

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Kommunen har innført iPad/PC til kvar elev og lærar og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil "det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre.

Også i år er Ål rangert blant dei ti beste i kåringa til UNICEF om oppvekstvilkår for barn - i 2020 som ein av dei seks beste kommunane i landet. Me trenger deg for å bli endå betre.

Me søker

Er du oppteken av kvalitet, systematikk og utviklingsarbeid? Trivst du i ein variert arbeidskvardag? Betyr gode kollegaer og eit meiningsfullt arbeidsfelt mykje for deg? Då ynskjer me deg som ein del av oppvekstkontoret i Ål kommune.

Det er ledig ei stilling i 80 % som rådgjevar i inntil eitt år med oppstart så raskt som råd og seinast 01.08.2021.

Sektoren har ansvar for drift av barnehage, skule, kulturskule, innvandrarteneste, vaksenopplæring, helsestasjon og PPT for Ål og Hol. Oppvekstkontoret skal bidra til at avdelingane driv i samsvar med gjelande lov og forskrift, og med ein så høg kvalitet som mogleg. Arbeidsoppgåvene vil vere utarbeiding og oppfølging av rutiner og system, kvalitetsoppfølging, informasjon, samt støtte og rettleiing til våre avdelingsleiarar.

Sektoren har dyktige og dedikerte medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø, med stort fokus på barns beste, kvalitet og utvikling. Oppvekstkontoret er ein av fem fagområde i kommuneadministrasjonen og består av kommunalsjef med stab, til saman fire tilsette. I tillegg ligg SLT (samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggande tiltak), rådgjevar IKT for oppvekst og ungdomslos under kommunalsjefen. Ål kommune har dei siste åra arbeidd systematisk med å digitalisere tenestene. Oppvekstsektoren nyttar bl.a. Visma Flyt barnehage, Visma Flyt skole, Visma økonomi og 360 arkivsystem. I tillegg fleire nasjonale digitale løysingar som t.d. GSI og BASIL.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til spesialpedagogisk systemarbeid og arbeid i teamet for koordinerande eining (KE).

Arbeidsoppgåver

- kvalitetsutvikling og oppfølging
- systemansvarleg og superbruker for digitale system
- sakshandsaming og saksutgreiing knytt til oppvekstfeltet
- andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med:
- pedagogisk utdanning og erfaring frå oppvekstsektoren.
- god IKT- kompetanse, det er eit ynskje med kjennskap til relevante administrative system
- erfaring frå arbeid med å bruke juridisk analyse og vurdering
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne, Ål kommune nyttar nynorsk skriftspråk
- erfaring frå tilsvarande arbeid i sektoren eller annen offentleg verksemd

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar, du:
- er inkluderande og har gode samarbeidsevner
- tek initiativ, er sjølvstendig, fleksibel og løysningsorientert
- er strukturert og nøyaktig
- har høg arbeidskapasitet
- er oppteken av å yte god service internt og eksternt
- er nysgjerrig og open for nye oppgåver

Me tilbyr

- eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg kompetente medarbeidarar
- ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- opplæring, støtte og oppfølging

Lønsvilkår

Lønn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Vegar Hoel, kommunalsjef oppvekst

464 46 634

Søknadsfrist: 10. mars 2021

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    10.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Rådgiver
  • Ansettelsesform
    workTime.Deltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    nynorsk, norsk
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3503432
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.02.2021