Ledig stilling

Ål Kommune

Rådgjevar rekneskap

Offentlig forvaltning

Det er ledig 100 % fast stilling som rådgjevar rekneskap på økonomiavdelinga, med tiltreding så raskt som mogleg. Som tilsett i økonomiavdelinga blir du del av ei avdeling med ei spennande bredde, frå lønn og innkjøp, til rekneskap og økonomistyring. Ditt ansvar blir rekneskapsføringa til Ål kommune, Ål kyrkjelege fellesråd og Hallingdal brann og redning IKS.

Arbeidsoppgåver

  • oppgåver knytt til løpande rekneskapsføring, avstemmingar, årsavslutning og innsending av offentlege oppgåver
  • vidareutvikling av digitale løysingar og interne rutinar
  • sjølvstendig ansvar i samband med årsoppgjer
  • rettleiing og bistand ovanfor leiarar og tilsette
  • andre relevante arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter dine interesser og kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning innanfor økonomi/administrasjon
  • relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • god kunnskap om reglement for rekneskap og økonomi
  • det vil vere eit godt utgangspunkt om du har kunnskap om kommunalt rekneskap
  • motiverast av å rettleie brukarar
  • trygg og stødig i norsk
  • god digital forståing og gjerne erfaring med Visma

Personlege eigenskapar

  • Strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
  • Service- og brukerorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i din samhandling med andre.
  • Relasjonsbyggjar: du er positiv og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivåar i organisasjonen

I periodar må ein rekne med meir arbeidsbelastning, spesielt i samband med årsoppgjer.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • eit team med fagleg nysgjerrige og dyktige medarbeidarar som saman jobbar mot felles mål
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • pensjonsordning i KLP
  • gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet
  • gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål Kommune gjennom kurs og vidareutdanning

Søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

Velkomen hjå oss som søkjar!