Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
14.06.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5207226Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Rådgjevar PPT
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig fast 100 % stilling som rådgjevar for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Giske kommune. Stillinga er ledig frå snarast.
PPT i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse i lag med helsestasjon og jordmortenesta, barnevern, legetenesta, psykisk helseteam for barn og unge, kommunepsykolog, logopedteneste, fysio- og ergoteneste og tildelingskontoret. Alle avdelingane har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats. Vi har kontor på rådhuset på Valderøya med gratis parkering om lag 10 min med bil frå Ålesund.
Avdelinga har totalt 4 årsverk inklusiv avdelingsleiar.
PPT er for tida med i eit spennande utviklingsarbeid knytt til betre inkluderande praksis i skule og barnehage. Som ledd i dette arbeidet er det oppretta inkluderingsteam på alle skular og barnehagar. PPT har faste dagar ute i skulane og samarbeider tett med inkluderingsteamet både på system- og individnivå.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
I tillegg for formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stilinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknade.
Kvalifikasjoner:
- Universitet/høgskuleutdanning, mastergrad eller hovudfag innan psykologi, pedagogikk eller spesialpedagogikk
- Utgreiing- og testkompetanse
- Rettleiingskompetanse
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God skriftleg og munnleg framstilling
- Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta
Personlige egenskaper:
- Engasjert og utviklingsorientert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Evne til å arbeide strukturert og målretta
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Medverke til godt samarbeid og støttande kultur både i eiga avdeling og i eininga
Vi tilbyr:
- Konkuransdyktig løn
- Godt arbeidsmiljø
- Du får ta del i utviklingsarbeid
- Spanande og varierte oppgåver
- Godt samarbeidsmiljø mellom skuleane og barnehagane
- Flexitidsordning
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
14.06.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5207226Se her for andre jobber fra Giske Kommune