• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4693100
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Rådgjevar oppvekst - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er no ledig 100 % stilling som rådgjevar oppvekst. Stillinga er knytt til digitalisering og kvalitetsoppfølging av våre IKT-system, personvernhandtering og utvikling av digital kompetanse innanfor oppvekstområdet.
Stillinga er lagt til stab oppvekst som til dagleg er leia av fagansvarleg. Kommunalsjef er øvste leiar.  

Arbeidsoppgåver

Stillinga som rådgjevar oppvekst, er ei spanande rolle som utviklings- og kvalitetssikrar av kommunen sitt arbeid innanfor oppvekstsektoren. Til stillinga ligg å arbeide med ulike sider ved digitalisering, blant anna digital infrastruktur, digital pedagogisk praksis, digitale ferdigheiter og personvern og informasjonssikkerheit.

Vi skal sikre at barn og elevar utviklar relevant kompetanse og gode verdiar og haldningar i eit samfunn prega av digital kompleksitet, mangfald og endring. På same tid skal vi sikre at tilsette i barnehage og skule har tilstrekkeleg pedagogisk kompetanse i bruk av digitale verkty i læringssituasjonar.

Det vil bli lagt overordna systemansvar til stillinga, som mellom anna inneber å vere administrator for ulike system samt sikre forsvarleg handsaming av personopplysningar i sektoren. I tillegg kjem leiing og deltaking i digitaliseringsprosjekt.

Arbeidsoppgåver – ansvarsområde:

  • Vere ein pådrivar for digital utvikling og kompetanseheving innanfor sektoren.
  • Leiing av og deltaking i interne og eksterne prosjekt og satsingar.
  • Utarbeide ein felles strategiplan for digitalisering innan oppvekstsektoren
  • Overordna administrering av fagsystem innanfor sektoren
  • Saman med tenesteområda sikre rett handtering av personvernregelverket gjennom internkontrollarbeid, vurdering av risiko og vurdering av personvernkonsekvenser (DPIA).   
  • Ansvar for digitaliseringsprosessar i sektoren og leiing av slike prosjekt og nettverksmøte
  • Delta i andre prosjekt etter behov og prioritering

Kompetansekrav

  • Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Digital kompetanse til å utnytte kommunen sine system, sjå moglegheiter i ny teknologi og vere motivert for å ta i bruk nye digitale løysingar
  • Relevant erfaring frå tilsvarande stilling

Ønskt kompetanse

  • Pedagogisk kompetanse
  • God kjennskap til digital praksis innafor oppvekstsektoren
  • Erfaring med lokal programvareforvaltning
  • Det er ein fordel om du har hatt lokalt systemansvar for program/fagsystem
  • Erfaring i å leie større utviklingsprosjekt

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til å halde seg oppdatert og setje seg inn i ny teknologi i høve til ansvarsområda
  • God samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Ansvarsfull og handlekraftig
  • Strukturert og systematisk person
  • Evne til å jobbe strategisk
  • Endring- og løysingsorientert
  • Fleksibel

Vi tilbyr

Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Pensjonsordning KLP

Godt arbeidsmiljø og eit aktivt fagmiljø der du kan vere med å utvikle kommunen sine tenester

Engasjerte og dyktige medarbeidarar

Politiattest

Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4693100
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune