Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Kvam Herad i Brønnøysund

Har du utdanning innan juss, økonomi eller logistikk? Då har Kvam herad stillinga for deg!

Rådgjevar innkjøp

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me tilbyr varierte arbeidsoppgåver i eit spennande fagområde på tvers av organisasjonen. I jobben som rådgjevar innkjøp opparbeider du attraktiv kompetanse og erfaring innan innkjøpsfaget, samstundes som du bidreg til effektiv bruk av fellesskapen sine midlar. Du vil arbeida med innkjøp og kontraktar knytt til mellom anna IT, varer, tenester, bygg og anlegg.

Me ser etter deg som er systematisk, tek initiativ og er løysingsorientert. Du har ambisjonar og ønskjer å utvikla deg både fagleg og personleg.

På rådhuset i Norheimsund får du jobba saman med dyktige og kjekke kollegaer med ulik fagbakgrunn. Er du nyutdanna vil du få god opplæring, støtte og oppfølging frå kunnskapsrike kollegaer. Stillinga gjev mogelegheit for delvis bruk av heimekontor.

Me gler oss til å treffa deg som er motivert for jobba innan dette varierte og spanande fagfeltet!

Kvam herad forvaltar store økonomiske ressursar og har eit budsjett på ca 1,1 milliardar kroner. Av dette vert omlag 200 millionar nytta til innkjøp. I tillegg kjem investeringar som har lagt på mellom 100 og 200 millionar kroner dei seinaste åra. Du kan få meir informasjon om dette i Årsrekneskap-2023


Arbeidsoppgåver

  • Arbeida i tverrfaglege innkjøpsteam saman med fagspesialistar, brukarar, leiarar, teknologar, økonomar og juristar
  • Halda oversikt over og følga opp kommunen sine innkjøpsavtalar
  • Tilrettelegga og gjennomføra offentlege anbods- og innkjøpsprosessar
  • Delta i fagleg utvikling strategiar, maler, verktøy og sjekklister
  • Intern rådgjeving, opplæring og oppfølging knytt til innkjøp og avtalar
  • Deltaking i innkjøpssamarbeid med andre kommunar

Arbeidsoppgåvene kan verta endra over tid i samsvar med kommunen sine behov og kandidaten si utvikling.

Kvalifikasjonar

Me søker deg som har:

  • Relevant utdanning, gjerne innan juss, økonomi, innkjøp eller logistikk på universitet eller høgskulenivå
  • Erfaring frå liknande stilling/fagfelt er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Nyutdanna vert og oppfordra til å søkja
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er nøyaktig, strukturert og liker å sette ting i system
  • Du er flink til å prioritera, ta initiativ og få ting gjort
  • Du jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre

Me tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale med innplassering basert på kompetanse og erfaring
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar
  • Fleksitid og mogelegheit for delvis heimekontor

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.