Ledig stilling

Sogndal kommune

Rådgjevar friluftsliv

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogn friluftsråd søkjer rådgjevar friluftsliv 

Vil du vere med å utvikle friluftslivstilbodet i Sogn? 

 

Kva går jobben ut på? 

Som rådgjevar friluftsliv i Sogn friluftsråd skal du jobbe med tilrettelegging for meir friluftsliv for alle, heile året. Dette vil du gjere gjennom ulike satsingar og prosjekt. Sentralt for stillinga vil vere å jobbe med statleg sikring av friluftslivsområder, utarbeide forvaltningsplanar og søke om midlar til tilrettelegging og andre praktiske tilretteleggingstiltak.   

 

Kven er du? 

Vi ser etter ein person som brenn for friluftslivet, og ynskjer å vere med på å forme allsidige og framtidsretta friluftstilbod i regionen.  Du ser verdien friluftslivet har for folkehelse, trivnad og miljø. Du har gjerne erfaring med praktiske tilretteleggingstiltak i friluftslivet og kan vise til resultat.  

Personlege eigenskapar og motivasjon for oppgåvene vil bli tillagt høg vekt.  

 

Erfaring og kvalifikasjonar 

  • Fortrinnsvis høgare utdanning innan relevante fagfelt 

  • Erfaring frå prosjektleiing og praktiske utviklingsprosjekt 

  • God munnleg og skrifteleg framstillingsevne 

 

Personlege eigenskapar 

  • Evne til å oppnå mål og resultat 

  • Kunne kombinere arbeidsdagar på kontoret og ute i felt 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre 

  • Praktiske ferdigheiter er eit føremon 

 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Utvikling, drift og forvaltning av friluftsområde 

  • Leie prosessar ved statleg sikring av friluftsområde 

  • Utarbeide forvaltningsplanar for friluftslivsområder 

  • Søke om finansiering til tilretteleggingstiltak 

  • Samarbeid med organisasjonar og frivillige 

Arbeidsoppgåver kan over tid endre seg og nye arbeidsoppgåver kan tilkome. 

 

Me kan tilby: 

  • Løn etter avtale 

  • Fleksibel arbeidstid 

  • Kontorstad innanfor friluftsrådet sitt nedslagsfelt 

 

Om arbeidsgivaren

Sogn friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Samarbeidet er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.

Friluftsrådet skal i samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar, fremje allsidig og miljøvenleg friluftsliv i den regionen deltakarkommunane omfattar, til det beste for befolkninga si trivsel og helse. Friluftsrådet skal i samarbeid med kommunane arbeide for meir friluftsliv for alle, heile året.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.