• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    22.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4674461
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Rådgjevar - Framtida si helseteneste

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst på ei spennande stilling som rådgivar der du vil ha ein sentral rolle i arbeidet med å sette retning og utvikle den framtidige helse- og omsorgstenesta i Sogndal kommune? Då må du søke på denne stillinga.

Stillinga er ein 100% fast stilling, og me ser etter deg som likar å påverke, er innovativ, og framtidsretta og i tillegg har evne til strategisk og systematisk tenking.

Oppgåver: 

  • Prosjektleiar for prosjektet «Omstilling og utvikling av framtida si helse og omsorgsteneste».
  • Plan- og strategiarbeid.
  • Koordinering mellom einingane, og mellom strategisk og utøvande tenestenivå i sektoren.
  • Kommunen sin representant på møter og eksterne samarbeidsarenaer innan sektoren.
  • Elles andre arbeidsoppgåver innanfor heile helse og omsorgsfeltet.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på minimum bachelorgrad i helse og sosialfag eller andre relevante fag.
  • Brei leiarerfaring frå helse- og omsorgssektoren
  • Erfaring med, og resultat frå forbetring og prosjektarbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • God organisasjonsforståing og evne til å handtere komplekse oppgåver.
  • Ynskeleg med tilleggsutdanning gjerne «Master» innanfor områda organisasjon, leiing og administrasjon.
  • Kunnskap om kommunale planprosessar, samt tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorar.
  • Erfaring frå offentleg eller privat sektor, og kunnskap om nasjonale føringar for helse og omsorgsfeltet.

 

Personlege eigenskapar:

Desse eigenskapane vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt.
  • Robust, og med gode evner til å jobbe sjølvstendig og med fleire oppgåver pågåande samtidig.
  • Du er innovativ, og målbevist, og har evne til strategisk, systematisk og langsiktig tenking.
  • Du er profesjonell og effektiv i ditt arbeid.
  • Du har god arbeidskapasitet, gjennomføringsevne og er resultatorientert.
  • Du har evne til å ta eit overordna perspektiv, tenke heilskapleg og være pådrivar i prosessar.

 

Me tilbyr:

  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.
  • Ein spannande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Lønn etter avtale.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    22.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4674461
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune