Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Rådgjevar for forsking, innovasjon og utdanning

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Rådgjevar for forsking, innovasjon og utdanning - 50 % stilling

Har du eit brennande engasjement for korleis vi kan få til betre forskingssamarbeid mellom kommunar og forskingsinstitusjonar? Då er dette stillinga for deg! 

Vi ønsker å utvikle eit interkommunalt samarbeid og samordning rundt forsking og utviklingsarbeid. Samarbeid mellom kommunane i vår region er viktig for å sikre gode og samordna kunnskapsbaserte tenester. Vi lyser no ut 50 % stilling i eitt år som rådgjevar for forskingssamarbeid i kommunane. Stillinga er ein del av Sogn og Fjordane si satsing på Kommunenes strategiske forskningsorgan (KSF) som no skal etablerast over heile landet.  

Vi søker deg som er engasjert, og har brei erfaring frå forskings-, innovasjons- og utdanningssamarbeid, og/eller utviklingsarbeid i offentleg sektor.  

I stillinga skal du samarbeide tett med helseleiarar i kommunane, forskingsmiljø og andre samfunnsaktørar. Du får høve til å etablere nettverk og relasjonar, vere med å forme stillinga sitt innhald og  bidra aktivt med å utvikle og setje retning for eit klyngesamarbeid om forsking i kommunane!

Om stillinga 

Stillinga er eit samarbeid mellom dei 17 kommunane i Sogn og Fjordane helsefellesskap. Sunnfjord kommune er vertskommune, og stillinga vert organisert under Fagutvikling. Fagutvikling er ei fagleg spennande eining med tilsette med høg kompetanse som jobbar ut mot alle tenester i kommunen, og som også er vertskommune for Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester og stilling som interkommunal samhandlingskoordinator. Eininga er lokalisert på Sunnfjord rådhus.

Stillinga er mellombels på eitt år, men forlenging vil bli vurdert.   

I samarbeid mellom kommunar, og ved å kople seg på lokale forskingsmiljø og eksisterande kunnskapssamarbeid, ønsker vi å finne og dekke kunnskapshol/ -behov i våre kommunar. Personen vi søker vil i hovudsak få ansvar for arbeidet og drive prosessen vidare for å etablere eit fast interkommunalt samarbeid rundt forsking. 

Oppgåver knytt til stillinga:  
  • etablere oversikt over dei forskningsprosjekta som allereie skjer i kommunane 
  • koordinere opplæringstiltak, formidling av forskingsprosjekt og fagutvikling for kommunane saman med Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimeteneste (USHT)
  • delta i det regionale samarbeidsorganet KSF Vest 
  • bidra til nettverksbygging lokalt, regionalt og nasjonalt 
Krav til deg som søkar:   
  • relevant utdanning på masternivå eller høgare 
  • erfaring med forskings-, innovasjons-, og utdanningssamarbeid  
  • erfaring frå kommunale helse-, velferds- og omsorgstenester
  • kunnskap om offentleg forvaltning og kommunen sitt samfunnsoppdrag
Vi ønsker gjerne at du har:
  • erfaring frå komplekse organisasjonar og samarbeid mellom ulike institusjonar  
  • god kjennskap til eksterne finansieringskjelder og erfaring med søknadsskriving
Vi søker deg som:
  • kan arbeide svært sjølvstendig samstundes som du har gode samarbeidsevner
  • har evne til å motivere andre, planlegge og sikre framdrift 
  • har god formuleringsevne, skriftleg og munnleg  
  • er fleksibel, proaktiv og har gode evner til relasjonsbygging og å koordinere ulike aktørar  
  • har evne til nytenkning, utvikling og langsiktig strategisk arbeid 
  • er løysingsorientert
  • er analytisk og systematisk, med gjennomføringsevne 
  • kan arbeide svært sjølvstendig, samstundes som du også må evne å bygge nettverk og skape relasjonar 
Vi tilbyr:
  • spennande og utfordrande stilling i eit viktig fagfelt med stort behov for auka kunnskap og utvikling 
  • høve til å delta på møteplassar, konferansar og ulike prosjekt- og arbeidsgrupper både regionalt og nasjonalt 
  • eit kompetent og inkluderande fagmiljø i Sunnfjord kommune, kommunane i regionen og andre samarbeidspartar 
  • kurs og kompetanseheving innan prioriterte område 
  • fleksibel arbeidstid 
  • gode kontor- og undervisningsfasilitetar 
  • god pensjons- og forsikringsordning

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!