• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    29.09.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4734034
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 16.09.2022
Ledig stilling

Sogndal kommune

Rådgjevar for beredskap og kvalitet

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune set tryggleik og gode tenester i høgsetet. I denne stillinga får du høve til å jobbe saman med leiing og tilsette med å forbetre og utvikle arbeidet på dette området. Stillinga er nyoppretta, plassert i stab til kommunalsjef for Plan og teknisk drift, og vil også få delta i drift og styring av kommunalsjefområdet.

 

Stillinga vil få hovudansvar for to område. Det eine er beredskapsarbeid der me førebygger og samstundes førebur oss på å handtere krisesituasjonar. Det andre området er å jobbe med internkontroll og HMS innan Plan og Teknisk drift der me kvalitetssikrar at tenestene har god kvalitet og er trygge for personar og omgjevnadene.

 

Arbeidsoppgåver:

Koordinere kommunen sitt samla beredskapsarbeid:

  • ha ansvar for å vidareutvikle overordna risiko og sårbarheits analyse (ROS) og kommunen sine sentrale beredskapsplanar, samt delta i arbeid med utarbeiding av fagspesifikke beredskapsplanar med tiltakskort/sjekklister.
  • Med bakgrunn i ROS og beredskapsplanar vurdere førebyggande tiltak for å redusere konsekvensar av kritiske hendingar slik at desse kan bli gjennomført og/eller innarbeida i budsjett/handlingsplan.
  • vere del av kriseleiing, og førebu og følge opp møte i kriseleiing og beredskapsråd.
  • tilrettelegge praktiske forhold ved handtering av krisesituasjon, som bruk av DSB-CIM, satellittelefonar/nødkommunikasjon, møterom, og andre hjelpemiddel for kriseleiinga.
  • initiere, planlegge, gjennomføre og evaluere beredskapsøvingar

 

Koordinere og fasilitere tenestene sitt arbeid med internkontroll og HMT innfor kommunalsjefområde Plan og teknisk:

  • fastsette mål/operasjonalisere strategiske mål for verksemda
  • gjennomføre risikovurderingar
  • sikre utarbeiding av rutinar, prosedyrar, reglement m.v. for ulike arbeidsoperasjonar
  • avvikshandtering og interne kontrollar (tilsyn). Oppfølging med tiltak/systematisk forbetringsarbeid .
  • systematisere dokumentasjon i kommunen sitt kvalitetssystem

 

 Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning på bachelor eller masternivå. Praktisk erfaring frå relevante stillingar/fagområde vil bli vurdert og vil dels kunne erstatte formelt kompetansekrav.
  • Førarkort klasse B.
  • Må kunne bli sikkerheitsklarert

 

Ynskte kvalifikasjonar

  • kompetanse og erfaring med planverk og krisehåndtering i en større virksomhet
  • erfaring frå offentleg sektor og gjerne innan samfunnstryggleik.
  • erfaring fra veiledning og opplæring, kjennskap til CIM og erfaring med utarbeidelse av ROS-analyser.
  • Kjennskap og erfaring frå arbeid med risikovurderingar, kvalitets- og forbetringsarbeid.

 

Personlege eigenskapar:

  • analytisk og systematisk
  • evne til sjølvstendig arbeid
  • god evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • god gjennomføringsevne, også i ein hektisk situasjon

Personlege eigenskapar er viktige og vil i stor grad bli vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    29.09.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4734034
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 16.09.2022