• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    25.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617575
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 12.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rådgjevar fagutvikling stab - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Alver kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar i Fagutvikling stab helse og omsorg. 

Om Fagutvikling stab

Alver kommune sin samfunnsplan for perioden 2022-2034 er til politsk handsaming. Sektor helse og omsorg er ein viktig bidragsytar, og her kan du få vere med i arbeidet vårt med samfunnsoppdraget.

Vår sektor er organisert med kommunalsjef og 6 tenesteområder (tenesteleiarar). Dette er tenesteområde for sjukeheim, heimeteneste, habilitering, lege- og rehabiliteringsteneste, psykisk helse og rus samt NAV. I tillegg har ein etablert felles Forvaltningskontor samt Fagutvikling stab med direkte rapportering til kommunalsjef.

Fagutvikling stab er lokalisert i Alver rådhus, og har eigen fagansvarleg. 

Arbeidsoppgåver

Fagutvikling stab sektor Helse og omsorg rapporterer til kommunalsjef. Vi bistår kommunalsjef og leiarar når det gjeld styring, utvikling, planlegging, koordinering, analyse, rådgjeving og rapportering innan sektoren.

Vi koordinere arbeid mot andre sektorar internt samt eksterne kompetansemiljø på dei område stabsfunksjon til ei kvar tid skal ivareta og koordinere.

Fagutvikling stab har mellom anna oppgåver innan:

  • Systemansvar, systemkoorinator og brukarstøtte
  • Samarbeid relatert til forsking, utvikling og innovasjon på tvers av tenesteområder og ulike kompetansemiljø
  • Leie, koordinere og delta i ulike interne og eksterne prosjekt
  • Arbeid med kompetanseplanlegging og tilskotsordningar
  • Arbeid relatert til lærlingar, praksisstudentar m.m.
  • Planarbeid
  • Saksframlegg råd og utval, samt oppfølging av aktuelle politiske vedtak.

Utlyst rådgjevarstilling vil ha funksjon som systemkoordinator Visma Profil elektronisk pasientjournal. Ein vil m.a. arbeide med rutinar og prosedyrar i kvalitetssystem, opplæring og rettleiing samt brukarstøtte. Det er ein føremon med god kjennskap og erfaring med Visma Profil EPJ. Ein vil arbeide i team med 1 annan rådgjevar/systemkoordinator. 

I tillegg vil rådgjevarstillinga ha andre arbeidsoppgåver som til ei kvar tid er knytta til Fagutvikling stab. 

Ein må pårekne stor grad av fleksibilitet mtp variasjon og endring i oppgåver utfrå til ei kvar tid gjeldande prioritering.

Kompetanse

  • Høgere utdanning innan relevant område - mastergrad
  • Gode samarbeids- og formidlingseigenskapar både munnleg og skriftleg
  • Dokumentert kompetanse og erfaring med lovkrav relatert til kommunal forvaltning innan helse og omsorg

Det er ein føremon med god kunnskap og erfaring med Visma Profil EPJ.

Personlege eigenskapar

  • Nytenkande/innovativ, engasjert, nysgjerrig og oppdatert på nye trender innen fagfeltet
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å håndtere og prioritere ulike oppgåver parallelt samt arbeide sjølvstendig
  • Evne til å formidle mål og status i ulike samanhenger, samt motivere ulike samarbeidspartnere internt og eksternt

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

Moglegheit til å bidra til utvikling i organisasjonen 
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø med dyktige medarbeidarar
Gode høve for fagleg og personleg utvikling
Fleksibel arbeidstid
Løn etter avtale
Pensjonsordning gjennom KLP

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    25.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617575
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 12.05.2022