• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    18.09.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2993033
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
  • Oppdatert 24.08.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Rådgjevar byggjesak/planleggar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune ligg sentralt mellom Bergen og Voss. Ferdsleårene Bergensbanen og stamvegen E16 går gjennom kommunen. Her kan du få glede av både by- og bygdekultur på same tid. Kommunen har eit særs rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv. Naturopplevingane er uendelege. Vaksdal er i stadig utvikling og forventar endringar i framtida knytt til ny utbygging av stamvegen mellom Oslo og Bergen.

Vaksdal kommune har ledig fast stilling som rådgjevar byggjesak/planleggar.

Ynskjer du å få vere med på å påverke, leggje premissar og utvikle deg?

Vi har no ledig ei spanande fast stilling som rådgjevar byggjesak/planleggjar, kor du vil bli gitt stort ansvar og bli ein del av eit utviklande og breitt fagmiljø.

Vaksdal kommune gjennomfører no fleire nye utbyggingsprosjekt, både offentlege bygg og vass- og avløpsanlegg. Offentleg områdeplanarbeid er også i gong knytt til prosjektet k5, ny veg og jernbane Arna-Stanghelle.

Det unike med å arbeide i ein mindre organisasjon er at du vil få både breidde og variasjon i arbeidsoppgåvene. Ingen dagar er like og du vil stadig stå ovanfor ny læring. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eininga Samfunnsutvikling, saman med andre dyktige medarbeidarar innanfor ei rekke fag.
Kontorstad vil vera i heradshuset på Dale. Mange av oss pendlar med toget, og trivst godt med det.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming og oppfølging av tiltakssaker og delingssaker etter plan- og bygningslova, medrekna dispensasjons- og klagehandsaming
  • Saksførebuing for politisk utval
  • Andre oppgåver etter plan- og bygningslova, og tilgrensande regelverk
  • Arealplanlegging og plansakshandsaming.

Krav til kompetanse

  • Minimum bachelorgrad innanfor relevante fag, m.a. byggfag, planfag, juridiske fag/rettsvitskap.
  • Erfaring frå byggjesakshandsaming
  • Har god kjennskap til relevante lovar og forskrifter

Personlege eigenskapar

  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du er fagleg engasjert, kvalitetsbevisst, framtidsretta og sjølvstendig

Vi vil særleg legge vekt på personlege eigenskapar, evne til relasjonsbygging, proaktivitet, struktur og integritet.

Hos oss i Vaksdal kommune får du

  • Høve til å arbeide i ein kommune med stort samfunnsansvar
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Fleksitid
  • Konkurransedyktig pensjonsordning, samt gruppelivsforsikring
  • Løn etter avtale

Administrasjonsspråket er nynorsk.

Vi ynskjer deg velkomen som søkjar hos oss, og ser fram til å motta din søknad!

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04

 

 

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    18.09.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2993033
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
  • Oppdatert 24.08.2020