• Företag
    Sparebanken vest
  • Ansökningstiden
    15.08.2020
  • Arbetsfunktion
    Rådgiver
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Bank
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3025581
  • Se här för andra jobb från Sparebanken vest
  • Uppdaterad 08.07.2020
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sparebanken vest

Rådgjevar bedriftsmarknaden i Sogn

Bank

Vi i Sparebanken Vest har som ambisjon å bli framtidas sparebank. Saman med våre kundar ønskjer vi å bidra til eit berekraftig samfunn og til gjere livet på Vestlandet endå litt betre.

Vår dyktige kunderådgjevar i Sogndal har bestemt seg for å byrje i ein spennande jobb utanfor banken, så vi søkjer no etter ein ny rådgjevar som skal jobbe inn mot bedriftsmarknaden i Sogn. Har du inngåande bransjekunnskap, eit godt nettverk og gjerne erfaring fra finansiering av næringslivskundar, vil vi gjerne ha deg med på laget.

Våre ambisjon er å vekse i Sogn, og å levere dei beste kundeopplevingane for eksisterande og nye kundar. Vi ser etter deg som blir engasjert av å verkeleg forstå kundane sine behov, skape gode relasjonar og levere dei beste finansielle løysingane til ei kvar tid. Vi gir deg dei beste føresetnadane for dette gjennom eit svært kompetent, givande og energisk miljø.


Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for å foredle og vidareutvikle eigen portefølje
  • Skape og utvikle relasjonar til forretningsmessig samarbeid
  • Vere ein aktiv samtalepartnar og bidragsytar for våre kundar i Sogn
  • Gje råd om optimale løysingar innan finansiering, cash management, forsikring, pensjon og plassering.
  • Selskapsvurdering og utarbeiding av kredittsaker
  • Være engasjert i lokalsamfunnet, og vere til stades på dei arenaene der kundane er

Ønska faglege kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan finans/økonomi/administrasjon eller anna relevant utdanning
  • Ønskeleg med god kjennskap, erfaring og relasjonar inn mot næringslivet i Sogn
  • God forretningsforståing, analytiske evner og evne til å skaffe deg innsikt i bedrifter si lønnsemd og drift
  • Kunnskap og interesse for finansielle produkt og tenester som næringslivet etterspør

Ønska personlege kvalifikasjonar:

  • Du har positiv energi og brukar denne til å løfte dei rundt deg
  • Du er oppteken av å skape gode kundeopplevingar
  • Du er nysgjerrig og lærevillig med mål om å heile tiden utvikle deg vidare
  • Du er sals- og marknadsorientert
  • Du er strukturert og løysingsorientert
  • Du er sjølvgåande og engasjert
  • Du er målretta og resultatbevisst


Vi kan tilby deg:
Ein arbeidsgjevar som er genuint oppteken av at flinke og svoltne folk får stor grad av tillit, sjølvstendig ansvar og moglegheiter til å utvikle seg
Spennande moglegheiter i ein bank med sterk merkevare og stor lokal beslutningsmyndigheit
Konkurransedyktige vilkår for lønn, pensjon og andre personalgode
Vidareutvikling av din kompetanse


Kor skal du arbeide?

Sparebanken Vest har kontor i Sogndal, men banken sitt marknadsområde omfattar heile indre Sogn. Ein del reising i Sogn må påreknast.


Vil du vite meir om stillinga?

Kontakt Regiondirektør Bedriftsmarknad Sogn og Fjordane, Arild Sandvoll på mobil 900 75 208


Søknadsfrist: 15. august 2020

 

  • Företag
    Sparebanken vest
  • Ansökningstiden
    15.08.2020
  • Arbetsfunktion
    Rådgiver
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Bank
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3025581
  • Se här för andra jobb från Sparebanken vest
  • Uppdaterad 08.07.2020