Företag
Sparebanken vestAnsökningstiden
23.12.2019Arbetsfunktion
RådgiverAnställningsform
workTime.DagBransch
BankUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Norheimsund
Hordaland
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
2324681Se här för andra jobb från Sparebanken vest
- Uppdaterad 03.12.2019
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sparebanken vest
Rådgjevar bedriftsmarknad Hardanger
Bank
Vi i Sparebanken Vest har som ambisjon å bli framtidas sparebank. Saman med våre kundar ønsker vi å bidra til eit berekraftig samfunn og gjere livet på Vestlandet endå litt betre. Bli med oss på laget for saman gjer vi det betre.
Vi søkjer ein ny bedriftsrådgjevar som vert motivert av ambisjonen vår ovanfor. Banken ynskjer å levere dei beste kundeopplevingane og verdiskapande råd til eksisterande og nye kundar. Vi ser etter deg som vert engasjert av å verkeleg forstå kundane sine behov, skape gode relasjonar og levere dei beste finansielle løysningane til ei kvar tid. Vi gjev deg dei beste vilkåra for dette gjennom eit svært kompetent, gjevande og energirikt miljø.
Arbeidsoppgåver:
- Være ein aktiv samtalepartner til våre kundar i området Hardanger, Midthordland og Voss
- Risikovurdering og utarbeiding av kredittsaker
- Skape og utvikle forretningsrelasjonar
- Gje råd om optimale løysningar innan finansiering, cash management, forsikring, pensjon og plassering
- Ansvar for lønsemd i eigen portefølje, og ansvar for å vidareutvikle denne
- Følgje opp risikoutsette engasjement
Ønska faglege kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan finans/økonomi/administrasjon eller anna relevant utdanning
- Ynskjeleg med god kjennskap, erfaring og gode relasjonar til lokalt næringsliv
- Analytiske evner og innsikt i bedrifter si lønsemd og drift
- Kunnskap og interesse for finansielle produkt og tenester som næringslivet treng
- Erfaring frå bank
For stillinga ser vi for oss følgjande personlege kvalifikasjonar:
- Du har positiv energi og bruker denne til å løfte folk rundt deg
- Du er oppteken av å skape gode opplevingar for kundane
- Du er nysgjerrig og vilje til å lære med mål om å utvikle deg vidare
- Du er sals- og marknadssorientert
- Strukturert og løysningsorientert
- Du investerer i og tar ansvar for eigen utvikling
- Målretta og tar eit tak når det er naudsynt
Vi kan tilby deg:
- Ein arbeidsgjevar som er genuint oppteken av at flinke, svoltne folk som både får stor grad av tillit, sjølvstendig ansvar og grunnlag for å utvikle seg
- Spanande utfordringar i ein bank med ei sterk merkevare og stor lokal mynde til avgjersler
- Konkurransedyktige vilkår for løn, pensjon og andre gode
- Vidareutvikling av din kompetanse
Arbeidsstad:
Norheimsund, men ein må pårekna reiseaktivitet med kontor i Bergen ein dag i veka.
Vil du vite meir om stillinga?
Kontakt Banksjef Asgeir Løno på mail asgeir.lono@spv.no eller mobil tlf. 905 05 267
Søknadsfrist: 23.12.2019
Företag
Sparebanken vestAnsökningstiden
23.12.2019Arbetsfunktion
RådgiverAnställningsform
workTime.DagBransch
BankUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Norheimsund
Hordaland
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
2324681Se här för andra jobb från Sparebanken vest
- Uppdaterad 03.12.2019