• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4681348
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 24.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rådgjevar barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar i oppvekstsektoren innan barnehageområdet. Stillinga er i staben til kommunalsjef for oppvekst. Rådgjevaren vil i hovudsak inneha rolla som barnehagemyndigheit. 

Sogndal kommune har 15 barnehagar, 4 private og 11 kommunale. Som lokal barnehagemyndigheit skal du gje rettleiing og sjå til at alle barnehagane, både kommunale og private, vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk. Stillinga er forankra i barnehagelova.  

Sogndal kommune skal yta gode og likeverdige tenester. Me skal nå nasjonale målsetjingar og måla i samfunnsplanen for kommunen.

 

Arbeidsoppgåver 

  • Styrka det tverrfaglege arbeidet for barn og unge i kommunen
  • Utviklings- og endringsarbeid
  • Tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med særskilde behov
  • Tilsyn, oppfølging og rettleiing av barnehagane 
  • Koordinering og vidareutvikling av samordna opptak til barnehagane  
  • Tilskotsordning for private barnehagar 
  • Sakshandsaming  

 

Kvalifikasjonar 

  • Barnehagefagleg utdanning på universitet/høgskule-nivå 
  • Arbeidserfaring frå det barnehagefaglege området 
  • Kunnskap om lover og reglar som regulerer sektoren, mellom anna barnehagelov, forvaltningslov og offentleglov 
  • Gode ferdigheiter i å bruka IKT som arbeidsverktøy 
  • Førarkort klasse B

 

 Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, kontaktskapande evner, er fagleg trygg og har engasjement for barn og unge
  • Du har erfaring med og kunnskap om tverrfagleg arbeid kring barn og unge 
  • Du har god forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid 
  • Du har erfaring frå rettleiing 
  • Du er fleksibel og løysingsorientert 
  • Du er utviklings- og endringsarbeidsorientert  

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar 
  • Godt fagleg miljø 
  • Løn etter tariff  

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4681348
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 24.06.2022