Ledig stilling

Sogndal kommune

Rådgjevar/avdelingsingeniør byggesak

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledig ei stilling som rådgjevar/avdelingsingeniør for byggjesak 100% fast i Sogndal kommune. Me søkjer deg som vil, tør og kan nytte kommunen sitt handlingsrom for å skape gode resultat. Du vil arbeide på eining for Plan og forvaltning saman med 18 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre. 

Stillinga utgjer ei av 4 avdelingsingeniørar i eit fagmiljø under del-eininga byggesak.  Alle avdelingsingeniørane samarbeider nært med dei andre tenesteområda på eininga.  

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Rettleie søkarar og innbyggjarar i møte og på telefon 

  • Handsame byggesaker og delingssaker etter plan- og bygningslova 

  • Handsame søknader om utsleppsløyve 

  • Klagesakshandsaming etter forvaltningslova 

  • Førebu saker til politiske utval 

  • Handsame og følgje opp ulovlegheiter og tilsyn 

  • Skriftleg og munnleg kommunikasjon med profesjonelle søkarar, grunneigarar, naboar og fagmiljøet generelt 

  • I tillegg kan andre oppgåver tilpassast noko etter kvalifikasjonar, interesser og avdelinga sitt behov. 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Relevant utdanning, gjerne innan rettsvitskap/jus, eigedomsfag, byggfag eller arkitektur. 

  • Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning. 

  • Erfaring innanfor plan- og bygningsrett og kjennskap til offentleg forvaltning.  

  • God kjennskap til fagområdet og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning. 

  • God kjennskap med relevant lovverk med vekt på Plan og bygningslova. 

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform. 

 

Personlege eigenskapar: 

Me søkjer deg som er strukturert, likar å finne løysningar og som samarbeider godt med andre. Du må vere serviceinnstilt, omgjengeleg og trivast i dialog med folk. Du bør vere effektiv og ha eigenskapar som sikrar god framdrift og eit godt fagleg innhald. Du må kunne tileigne deg kunnskap. Personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.  

 

 Me tilbyr: 

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver. 

  • Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø. 

  • Eit etablert fagmiljø med høg kompetanse.  

  • Moglegheit til å påverka eigen arbeidsdag. 

  • Moglegheit til utvikling av eigen kompetanse. 

  • Fleksibel arbeidstid. 

  • Løn og tilsetting etter avtale. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.