Ledig stilling

Sogndal kommune

Rådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du hjelpe ungdom ut i arbeid eller utdanning?

Vert du motivert av å jobbe med menneske? Ynskjer du å bidra til at fleire kan få moglegheit til å lukkast med arbeid eller utdanning? NAV Sogndal søker deg som vil jobbe med inkludering av ungdom i arbeidslivet. Me ser etter deg med talent for å bygge og vedlikehalde relasjonar og som blir motivert av å skape moglegheiter i arbeidsmarknaden.

NAV Sogndal har ledig 100% fast stilling som rådgjevar tilknytt eit regionalt ungdomsteam i Sogn og ungdomsgarantien i NAV. Stillinga er ledig frå 01.01.24 eller etter nærare avtale.

Me har kontorplass på Leikanger i gode og moderne lokale.

Sogndal kommune vil vidareutvikle ungdomstilbodet i kommunen og den som får stillinga vil samarbeide med andre kommunale tenester.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skape dialog og bygge nettverk.
  • Rettleie ungdom om utdanning og/eller jobb, kompetanse, kvalifikasjonar eller eigenskapar - med mål om å finne gode løysingar for arbeid eller opplæring.
  • Saman med ungdomen lage ein plan for studiar eller jobb etter ungdomen sine ynskjer og mål.
  • Engasjere og motivere både ungdom, samarbeidspartar og andre personar i nettverket rundt ungdomen.
  • Bidra til at ungdom kjem i arbeidsretta aktivitet.

NAV Sogndal er i stadig utvikling og endring. Du må rekne med at det kan bli endringar i arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar:

Du må ha:

  • fullført minimum 3 årig utdanning frå høgskule eller universitet
  • god digital kompetanse
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ynskjeleg at du har:

  • erfaring frå oppfølgingsarbeid, gjerne frå NAV
  • god kartleggings- og rettleiingskompetanse
  • kjennskap til NAV sine verkemidlar
  • erfaring frå oppfølging med ungdom
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • er ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
  • tek initiativ og kan jobbe sjølvstendig
  • er ein lagspelar som deler erfaringar og kompetanse med dine kollegaer
  • er positiv, nysgjerrig og kan motivere ungdomar
  • skaper gode relasjonar og tillit i møte med folk
  • prioriterer, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere raske endringar

Erfaring frå oppfølging av ungdom og personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt.

Me tilbyr:

  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø, prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar.
  • Tilsetting i tråd med  kommunalt regulativ i Sogndal kommune.
  • Løn etter kommunalt lønsregulativ, eller etter nærare avtale.
  • Fleksibel arbeidstid.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.