Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Hordaland fylkeskommune

Rådgjevar

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

OT/PPT er ein seksjon i Opplæringsavdelinga. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg elevar fullfører vidaregåande opplæring. OT/PPT skal saman med elevane og skulane sjå til at opplæringa er tilpassa den einskilde eleven sine føresetnader. Vi har eit nært samarbeid med kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi gir tenester til alle Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skolar og private vidaregåande skolar.

Stillinga er for tida kontorplassert i Bergen, men arbeidsstaden kan bli endra når Vestland fylkeskommune er ein realitet 01.01.20.

Arbeidsoppgåver
  • Følgje opp ungdom utanfor opplæring eller arbeid og bidra til å få dei inn i skule, arbeid eller tiltak.
  • Etablere nettverk mot samarbeidspartnarar og utvikle tiltak retta mot målgruppa
  • Kartlegging.
  • Bidra til å utvikle tilbod for tettare oppfølging for grupper av ungdom.
  • Drive individuell og gruppebasert rettleiing.
Kvalifikasjonar
  • Søkjarar må fortrinnsvis ha utdanning på masternivå.
  • Vi har behov for ein dyktig medarbeidar som har god kjennskap til systema rundt ungdom som står utanfor opplæringssystemet. Søkjarar må kunne vise til resultat frå utviklingsarbeid.
  • Søkjarar må disponere bil.
  • Søkjar må leggje fram gyldig politiattest.
  • Det er krav om god kjennskap til bruk av ulike dataprogram og sosiale media.
Personlege eigenskapar
  • Vi treng medarbeidarar som kan vise til stor grad av relasjonskompetanse, er fleksibel, trygg og motiverande i møte med ungdom og samarbeidspartnarar. Søkjarar må ha gode evner til munnleg og skriftleg framstilling, og må kunne halde kurs og presentasjonar.
Vi tilbyr
  • Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
  • Vi legg til rette for rettleiing og moglegheiter for vidareutvikling av fagkompetansen.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for OT/PPT, Hordaland fylkeskommune.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.