Ledig stilling

Øygarden kommune

Rådgjevar 100% fast - Dele- og byggesak

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

Om avdelinga:
Avdeling for dele- og byggesak består i dag av 13 tilsette og er del av eining byggesak, tilsyn og miljø. Avdelinga behandler i hovudsak bygge-, dele- og dispensasjonssaker. Arbeidsstad er kommunehuset på Straume.

Vi har no ledig ei fast stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming etter plan- og bygningsloven, med vekt på dele- og byggesaker
  • Saksframlegg til politisk handsaming
  • Rettleiing etter plan- og bygningsloven
  • Tverrfagleg samhandling med andre fagområde i kommunen

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning som t.d arkitekt/ingeniør/jurist
  • Kunnskap om plan- og bygningslova og forvaltningslova
  • Førarkort

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Interesse for offentleg forvaltning
  • God skriftleg og munnleg norskkunnskap
  • Evne til å arbeide nøyaktig, sjølvstendig og effektivt
  • Må meistre å arbeide under høgt tempo med mange oppgåver
  • Serviceinnstilt

Å vere personleg eigna vert særskild vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.