• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    09.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5032028
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 24.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Rådgjevar 100 % fast – Byggesak

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

 Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

Har du relevant fagkompetanse, interesse for byggesaksbehandling og har lyst til å jobbe med varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med stor aktivitet? Les vidare, for du kan vera den vi ser etter!

Vi søkjer etter ny byggesaksrådgjevar i fast 100 % stilling.

Den rette vil kome til ein trygg og god arbeidsplass med motiverte og kunnskapsrike kollegaer med ulik bakgrunn.

Om avdelinga:
Avdeling for dele- og byggesak består i dag av 13 tilsette og er del av eining byggesak, tilsyn og miljø. Avdelinga behandler i hovudsak bygge-, dele- og dispensasjonssaker. Arbeidsstad er rådhuset på Straume, som ligg ca. 15 minutt køyring frå Bergen.

Vi har no ledig ei fast stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming etter plan- og bygningsloven, med vekt på dele- og byggesaker
  • Saksframlegg til politisk handsaming
  • Rettleiing etter plan- og bygningsloven
  • Tverrfagleg samhandling med andre fagområde i kommunen

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning som t.d arkitekt/ingeniør/jurist
  • Kunnskap om plan- og bygningslova og forvaltningslova
  • Førarkort

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Interesse for offentleg forvaltning
  • God skriftleg og munnleg norskkunnskap
  • Evne til å arbeide nøyaktig, sjølvstendig og effektivt
  • Må meistre å arbeide under høgt tempo med mange oppgåver
  • Serviceinnstilt

Å vere personleg eigna vert særskild vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    09.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5032028
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 24.02.2023