Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
24.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3918438Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 09.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Rådgjevar - 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Ved avdeling Bygg, areal og grønt i tenesteområdet Eigedomsforvaltning er det ledig stilling som rådgjevar innan bygg- og eigedomsforvaltning. Tenesteområdet har ansvar for forvaltning av heile eigedomsmassen til Alver kommune, både bygningsmasse, areal, veg-, vatn-, og avløpsanlegg. Arbeidsstad er kommunehuset på Frekhaug.
Om avdelinga
Avdelinga forvaltar skular, barnehagar, sjukeheimar, idrettsanlegg og kulturbygg. Avdelinga må ha eit utstrekt samarbeid på tvers i kommunen. Vi har også mykje kontakt med næringslivet, utbyggarar og private i samband med byggeprosjekt og utbetringar. Alver kommune har for tida mykje pågåande planarbeid knytt til vedlikehald og systemutvikling innan eigedomsforvaltning i den nye kommunen.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for sakshandsaming innanfor eigedomsforvaltninga; koordinering av konseptarbeid knytt til kommunale investeringsprosjekt, både teknisk, juridisk, økonomisk og politisk. Du vil gjere tekniske vurderingar og godkjenningar av planer som omhandlar bygg og eigedom. Konstruktivt og tett samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar og eigen organisasjon vil være grunnleggande. Du vil ha oppgåver knytt til tilstandsanalysar og vurdering av tiltak. Deltaking i større prosjekt og planleggingsarbeid på tvers av sektorar er aktuelt. Ei av oppgåvene dine vil vere oppfølging og kontroll med utbyggingar både administrativt og ute på byggeplass. Du vil ha ansvar for sakshandsaming og vedtak for kommunen som grunneigar og byggeigar.
Arbeidsområde i avdelinga vil innebære:
- Arbeid og oppfølging av kommunen sine overordna planar og strategi samt utarbeide normer, rutinar og retningslinjer
- Definere standard for bygg og eigedom
- Oppfølging av lovkrav og forskrifter, sakshandsaming knytt til kommunale eigedommar.
- Fagregister / tilstandsdata
- Planlagt vedlikehald
- Prosjekt - Mindre investeringar
- Innkjøp - Offentlege anbodsprosessar
- Byggherreansvar
- Koordinering av og samarbeid med rådgjevarar og konsulentar
- Politiske saker – orienteringar knytt til fagområde, presentasjon av politiske saker
- Utarbeide og følgje opp verksemdsplan for avdelinga
- Bidra til godt tverrfagleg samarbeid og løysing av arbeidsoppgåver i eiga avdeling og på tvers av fagområde
Kompetanse
- Vi ønskjer ein medarbeidar med 3-årig ingeniørutdanning eller anna relevant utdanning. Relevant erfaring vil bli vektlagt og kan kompensere for manglende formell utdanning.
Kompetanse
- Du skal helst ha erfaring innan byggforvaltning eller prosjektleiing innanfor byggfaget og har arbeid med byggtekniske løysingar i praksis. Det vil vere ein stor fordel om du har erfaring frå praktisk arbeid innanfor byggfaget og kjenner offentleg forvaltning og innkjøp.
- Du må ha god oversikt over faget når det gjeld formelle krav til planlagde og utførte arbeid. Du må ha evne til å vurdere temaplanar, utbyggingsprosjekt og tekniske spørsmål frå innbyggjarar og næringsliv
- God kompetanse innan IKT og erfaring frå konsulent- eller entreprenørbransjen er positivt.
Vi ser etter deg som er
- Engasjert
- Sjølvgåande
- Flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg
- Har et godt humør
Vi tilbyr
- Ei utviklande og sjølvstendig stilling i eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg dyktige og engasjerte kolleger
- Feksibel arbeidstid
- Løn og oppstart etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
24.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3918438Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 09.06.2021