• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    27.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    9750, HONNINGSVÅG
    NORDKAPP
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3983088
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 22.08.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Rådgivar/seniorrådgivar

Offentlige tjenester og forvaltning

Vi søker etter ein dyktig medarbeidar som kan vere med på å styrke vårt arbeid med å sikre behovet til sjøtransporten for effektiv og sikker seilas, og ferdsel i farvatnet!

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og
organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Det er no ledig ei til to stillingar som rådgivar/seniorrådgivar i avdelinga for hav- og kystforvaltning i Kystverket. Avdelinga har til saman 22 tilsette i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg. Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande. Oppgåvene vil vere knytt til både sakshandsaming, råd og rettleiing. 

Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande. Oppgåvene vil være knytt til både sakshandsaming, råd og rettleiing. 

Kvalifikasjoner:

  • Bachelor/master innanfor områda samfunns-, samferdsel-, forvaltning-, plan-, juss- eller miljøfag
  • Erfaring/kunnskap frå arealplanlegging, offentleg forvaltning, utgreiings- og planleggingsoppgåver
  • Erfaring/kunnskap om maritim næring er ein fordel
  • Erfaring/kunnskap om prosjektleiing og forbetringsarbeid er ønskeleg
  • Kjennskap til digitale kartverktøy
  • Gode kunnskapar i elementære dataverktøy
  • Norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlige egenskaper:

  • Ansvarsbevisst
  • Analytisk
  • Beslutningsdyktig
  • Brukarorientert
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Initiativrik, sjølvstendig og strukturert 
  • Godt humør

Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Ei utfordrande stilling med utviklingsmoglegheiter
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Verkemidlar for arbeidstakarar i Nord-Troms og Finnmark med lågare skatt og nedskriving av studiegjeld så lenge Stortinget bestemmer
  • Stillinga er plassert i kode rådgivar/seniorrådgivar, stillingskode 1434/1364, brutto kr. 535 200 til brutto kr. 726 400 etter kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid innanfor staten sine ordningar
  • Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket

Arbeidsstad er for tida Honningsvåg

Anna
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som
alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

 

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    27.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    9750, HONNINGSVÅG
    NORDKAPP
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3983088
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 22.08.2021