• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    27.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6157788
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Rådgivar/saksbehandlar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Sula kommune ønsker å vere ein attraktiv arbeidsgivar som rekrutterer, vidareutviklar og held på dyktige og engasjerte medarbeidarar.                                                            No har vi ledig stilling i avdeling for plan, byggesak og geodata. Avdelinga er organisert under kommunalområdet Samfunn. Her arbeider vi i hovudsak med saksbehandling etter plan- og bygningslova, utarbeiding av arealplanar, geodata/kart og oppmåling.                                                                                                                                                                                      

Stillinga vil ha oppgåver knytt til rådgiving, saksbehandling og planarbeid.
Vi ser føre oss at du får ein variert og spennande arbeidskvardag som vil gi deg både fagleg og personleg utvikling.

Kontakt oss gjerne om du har andre spørsmål om stillinga.

 (Foto: Dagrun Lorgen Sæhaug)

Kvalifikasjoner:

Relevant høgare utdanning på bachelornivå innan planarbeid, administrasjon, organisasjonsarbeid og eller liknande.
Søkarar med relevant erfaring kan vurderast sjølv om formell utdanning er på lågare nivå.
God digital- og systemforståing med kompetanse på relevante digitale verktøy.  
Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
Kjennskap til kommunal verksemd, relevant lovverk og offentleg forvalting er ein fordel.

Personlige egenskaper:

Du er løysingsorientert, fleksibel og nytenkande. 
Du er sjølvstendig, tek initiativ og ser oppgåvene som skal og må løysast.
Du er påliteleg, engasjert og har god arbeidskapasitet.
Du motiverer, er positiv og bidreg til gode arbeidsfellesskap.

Vi tilbyr:

Ein arbeidskvardag saman med flinke og engasjerte kolleger.
Kort og rask veg til støtte og veiledning om du treng det.
Fleksitidsordning.
Gratis parkering, gode kollektivtilbod og fint kontor på rådhuset i Langevåg.
God offentlig tenestepensjon i KLP med gode lån og forsikringsvilkår.
Lønn etter avtale.

 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    27.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6157788
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune