• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    26.04.2021
  • Sted:
    VARDØ
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    TROMS OG FINNMARK
  • Arbeidssted:
    VARDØ
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3669572
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Rådgivar - avdelinga for hav- og kystovervaking, Vardø

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har ei brei samhandlingsflate innan samferdsel og mot andre samfunnsaktørar. Vi samarbeider internasjonalt både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverket er frå 1.1.2021 funksjonsorganisert med fire verksemdsområder, der eit av desse er navigasjonsteknologi og maritime tenester. Hovudfunksjonen og ansvaret for dette verksemdsområdet er å forvalte, utvikle og drifte den "digitale" infrastrukturen, drive overvaking/styre sjøtrafikken og utøve losmynde. Ei av avdelingane innan verksemdsområdet er avdelinga for hav- og kystovervaking i Vardø, og det er no ledig ei fast stilling som rådgivar i avdelinga. Avdelinga ivaretek sivil overvaking av all risikotrafikk i norske interesseområder. Stillinga inngår i Fiskeridirektoratet og Kystverket sin felles analyseeining. Eininga jobbar særleg med analyse av posisjonsdata og med å samanstille rapportar på oppdrag frå Fiskeridirektoratet, Kystverket og andre norske kontroll- og tilsynsmyndigheiter. 

Kvalifikasjoner:

  • Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • Relevant arbeidserfaring eller særs relevant fagskuleutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på norsk og engelsk
  • Kompetanse og interesse for analyse, statistisk metode og visualiseringsverktøy
  • Gode datakunnskapar
  • Programmeringskunnskap er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Den som tilsettast må kunne sikkerheitsklarerast på nivå hemmeleg

Personlige egenskaper:

  • Fleksibel og omgjengeleg
  • Lagspelar
  • Gode samarbeidsferdigheiter
  • Strukturert, sjølvstendig og serviceinnstilt
  • Initiativrik, effektiv og løysingsorientert, med evne til nytenking

Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ei utfordrande stilling med utviklingsmoglegheitar
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar 
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1434 rådgivar. Stillinga lønast frå kr 535 200 (ltr 60) til kr 597 000 (ltr 66), avhengig av kvalifikasjonar

Arbeidsstad for tida Vardø.


Anna
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søkjer som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

I samsvar med offentligheitslova § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil i så fall bli varsla om det. Søkjarar som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsføremål.


 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    26.04.2021
  • Sted:
    VARDØ
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    TROMS OG FINNMARK
  • Arbeidssted:
    VARDØ
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3669572
  • Se her for andre jobber fra Kystverket