Bedrift
UtdanningsforbundetSøknadsfrist
30.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Foreninger og forbund - ArbeidstakerorganisasjonerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5004, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6709672Se her for andre jobber fra Utdanningsforbundet
Utdanningsforbundet
Rådgivar
Foreninger og forbund - Arbeidstakerorganisasjoner
Vil du vere med og bidra til at Utdanningsforbundet Vestland har gode rammer for å løyse samfunnsoppdraget sitt? Vi søkjer no ein engasjert rådgivar som vil vere med på å utvikle og støtte arbeidet ved fylkeskontoret.
Som rådgivar vil du få ei variert rolle med oppgåver innan drift, koordinering og utvikling av arbeidsprosessar og rutinar. Du blir ein viktig støttespelar for både tilsette og politisk valde, og bidreg til at fylkeslaget fungerer på ein effektiv og god måte. Hos oss får du arbeide i eit spennande og dynamisk miljø med varierte arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Noko reiseverksemd må påreknast.
Fylkeskontoret har åtte tilsette og 19 politisk valde organisasjonstillitsvalde. I Vestland er vi til stades både i Bergen og Førde, og du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med kollegaer som er opptekne av å skape gode resultat saman. Nynorsk er målform i fylkeslaget og arbeidssted vil være Bergen eller Førde.
Kvalifikasjoner:
- Relevant høgare utdanning, gjerne lærarutdanning
- Gjerne formell kompetanse innan IKT
- Forhandlingskompetanse
- Gjerne rettleiingskompetanse
- Lov- og avtaleverk som gjeld innanfor områda til Utdanningsforbundet.
- Ønskjeleg med organisasjonserfaring.
Stillinga krev god kompetanse innan IKT-system, erfaring med publisering på nettsider og avanserte ferdigheiter i Excel. Erfaring med bruk av Excel som verktøy i lønnsforhandlingar og analysearbeid vil bli vektlagd.
Personlige egenskaper:
Vi ser etter deg som har:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til å jobbe strategisk og ta initiativ
Vi tilbyr:
Hos oss får du:
- Arbeide saman med dyktige kollegaer, delta på faglege arenaer og få fridom til å ta ansvar og påverke din eigen arbeidskvardag.
- Vere ein del av eit godt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø, òg i periodar med høgt tempo.
- Utvikle kompetansen din gjennom kurs, seminar og læringsarenaer som gir moglegheit for både fagleg og personleg vekst.
- Gode lønns- og arbeidsvilkår, ei solid pensjons- og forsikringsordning, tid til trening i arbeidstida og ekstra fridagar i jul og påske.
Bedrift
UtdanningsforbundetSøknadsfrist
30.09.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Foreninger og forbund - ArbeidstakerorganisasjonerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5004, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6709672Se her for andre jobber fra Utdanningsforbundet