Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
06.12.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4226443Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 17.11.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Rådgivar - 100 % fast - Plan og byggesak
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Avdeling for Plan og byggesak har 1 ledig stilling som rådgjevar på byggesak.
Avdeling for Plan og byggesak ynskjer deg som vil gjere ein forskjell for Alver kommune. Kombinasjonen av store tettstader, landbruksareal og lang kystlinje gir allsidige arbeidsoppgåver og sakstyper som gjer at du vil få ein variert kvardag.
Avdelinga er ei av fire avdelingar ved Arealforvaltning, saman med Landbruk, Kart og oppmåling og Miljø og tilsyn. Arealforvaltning høyrer til sektoren Teknisk forvaltning og drift, saman med Eigedomsforvaltning og Drift og vedlikehald. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid og du vil jobbe tett med dei andre avdelingane ved Arealforvaltning og Eigedomsforvaltning i nesten alle saker. Vi samhandlar også med andre myndigheiter på både fylkesnivå og på statleg nivå.
Bli ein del av vårt gode arbeidsmiljø!
Plan og byggesak
Avdeling for Plan og byggesak er ei avdeling med 15 tilsette fordelt på byggesak og planforvaltning. Vi har arbeidsplassen vår i kommunehuset på Frekhaug, og har kunderettleiing på Manger og i Knarvik.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er rettleiing og sakshandsaming etter plan- og bygningslova:
- Handsaming av bygge- og delesaker
- Handsaming av søknadar om dispensasjon
- Førebu og gjennomføre førehandskonferansar
- Informasjon og kunderettleiing til privatpersonar og føretak
Stillinga inneber og kontakt og samarbeid med andre myndigheiter, og tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar i kommunen.
Kompetansekrav- relevant høgare høgskule eller universitetsutdanning, som t.d. arkitekt/ingeniør/jurist.
- god kunnskap om plan- og bygningslova og forvaltningslova
- erfaring som sakshandsamar frå sakshandsaming av bygge-, dele- og dispensasjonssaker.
Vi søkjer deg som:
- har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
- er strukturert, systematisk og serviceinnstilt
- leverer arbeid av høg kvalitet
- har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer og leiar
- er løysingsorientert og fleksibel
- har sertifikat for bil
Vi tilbyr
- Tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
- Løn etter avtale
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
06.12.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4226443Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 17.11.2021