Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2025Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
RevisorUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAndre arbeidssteder
sunnfjord, Kinn, SogndalAntall stillinger
1karriere-kode
5990186Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Vi ser etter ein problemløysar som vil samarbeide med dei beste!
PwC søker trainee: RevisjonRevisor
PwC søker trainee innan revisjon
PwC Nordvest arbeider målretta med å bygge lokal kompetanse. Vi har eit hyggeleg miljø og mange ulike tenester og fagfelt du kan bli ein del av. Vi er rundt 110 tilsette i Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal, og ser no etter ein trainee innan revisjon på eit av våre kontor i Sogn & Fjordane: Førde, Florø, Måløy, Sandane, Stryn eller Sogndal.
Hos oss gjer menneska forskjellen
I PwC vil du jobbe i eit leiande kompetansehus saman med teknologar, revisorar, rådgivarar og advokatar. Vi veit at det er menneska som gjer forskjellen. Trivst du med å løyse problem, på lag med ekspertar som gjer kvarandre betre? I eit miljø skapt for utvikling, der du er på ditt beste når du har det moro? Då er PwC staden for deg!
Dette vil du jobbe med som trainee i PwC Revisjon
Som trainee i Revisjon vil du få sjansen til å vere med på alt frå spennande kundemøte og kundebesøk til revisjon av ei rekkje av Noregs største bedrifter. Du vil arbeide i større og mindre team og ha direkte kontakt med kunden, der du vil bidra med din kunnskap for å avdekke og forbetre forhold ved kundens rekneskapsrapportering, internkontroll og mykje meir. Du vil òg få delta på spennande kurs på tvers av kontora. Etter kvart vil du bli tildelt ansvar for opplæring og oppfølging av nytilsette hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Analyse og forståing av verdidrivarar i ei bedrift
- Risikovurdering, planlegging og gjennomføring av revisjon
- Utarbeiding av likningspapir og årsrekneskap
- Tett samarbeid med gode kollegaer
Er vi ein god match?
Vi ser etter kandidatar som ønskjer å utvikle karrieren sin i ein region som tilbyr det beste av både arbeid og fritid. Fullfører du bachelor eller master innan finans, økonomi, rekneskap eller revisjon, er nysgjerrig og har eit ønske om å lære? Har du god tal- og forretningsforståing, analytiske ferdigheiter, er løysingsorientert og strukturert? Likar du å samarbeide med andre og evner å bygge relasjonar? Då kan PwC vere staden for deg!
Fire gode grunnar til å velje ein jobb i PwC
- Eit miljø skapt for utvikling: Vi veit at den rette miksen av opplæring, coaching, og ikkje minst meiningsfulle oppgåver, vil bidra til at du utviklar deg og når dine karrieremål. For nyutdanna har vi eit heilt eige onboarding-program som gir deg den beste starten på karrieren med kurs og fagleg inspirasjon: Ei fullpakka veke på Voss saman med nye kollegaer.
- Eit sterkt fagleg fellesskap: Du blir ein del av eit stort og spennande fagmiljø med over 2600 kollegaer på tvers av lokasjonar og fagområde.
- Ein gjeng som verkeleg har det moro saman, på og utanfor jobb: Regionen er perfekt for deg som likar å vere aktiv. Her finn du eit eldorado av fjell som innbyr til aktivitet heile året. Vi har faste årlege fagsamlingar og sosiale møte slik at du blir kjend med dei som jobbar i heile regionen.
- Eit trygt og fleksibelt arbeidsmiljø: Vi set folka våre først, og som arbeidsgivar er vi opptekne av å ivareta deg og dine behov. Vi har mellom anna god reiseforsikring, helseforsikring og pensjonsordning, treningsstøtte og vi har sommartid frå juni-august med 7 timars arbeidsdagar.
Praktisk informasjon
For at vi skal kunne vurdere om vi er ein god match, må du laste opp CV, relevante vitnemål og karakterutskrifter i PDF-format i søknadsportalen. Har du studert i utlandet, legg ved forklaring på karakterskala. Du kan gjere endringar på søknaden din ved å logge deg inn på din profil i vår stillingsportal. Du finn søknaden her (legg til link).
Søknadsfrist er 1. mars. Som del av søknaden blir du bedt om å gjennomføre tre testar med frist for gjennomføring søndag 2. mars kl. 23:59. Merk at vi berre behandlar søknader der alle testane er fullførte. Hugs å sjekke søppelpost. Ved spørsmål eller tekniske problem, ta kontakt med: no_rekruttering@pwc.com.
Vår rekrutteringsprosess skjer på éin dag, der vi skal bli betre kjende. Vi med deg og du med oss, gjennom djupneintervju og caseløysing. Undervegs i prosessen vil du ha god støtte frå våre «buddyar» som saman med resten av PwC ønskjer at du skal ha ei god oppleving.
Er du klar for ein drøymestart på karrieren? Då ser vi fram til å høyre frå deg!
*Som en del av vår rekrutteringsprosess vil vi utføre bakgrunnssjekk ved signering av kontrakt.
**I samsvar med GDPR ber vi deg om å og laste opp dokument via systemet, og ikkje direkte til kontaktpersonen(e) oppført i denne annonsen.
Framtidsfylket traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fem gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Må ha gode norskkunnskaper både skriftleg og muntleg
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2025Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
RevisorUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAndre arbeidssteder
sunnfjord, Kinn, SogndalAntall stillinger
1karriere-kode
5990186Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
-
Tecno VVS søker trainee: Økonomi
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND -
Tecno VVS søker trainee: ingeniør
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND -
Ullensvang kommune søker trainee: i avdeling for forvaltning og koordinering
Framtidsfylket AS
ODDA -
Elkem søker trainee: Automasjon
Framtidsfylket AS
Vestland -
Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Programmerar
Framtidsfylket AS
LEIKANGER