• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.11.2021
  • Sted:
    Straume
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Straume
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4136754
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Psykologspesialist 100% fast - Barn, Unge og Familietenester (BUFT)

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Du vil koma til eit engasjert fagmiljø der du vil arbeide tett med dei andre psykologane for barn og unge. Oppmøtestad er Straume kommunesenter, ca 15 minutt køyring frå Bergen sentrum.

Kommunepsykologane er ei eiga avdeling under eining for Barn, unge og familietenester (BUFT). BUFT består vidare av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste på skulane i kommunen, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar, og eit familie og rettleiingssenter som har fokus på førebyggjande arbeid rundt familiar og vaksne som arbeidar med barn og unge.

I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgrupper som helsesjukepleiarar, jordmødrer, helsesekretærar, familierettleiarar, ungdomslos, SLT-koordinator, miljøarbeidar, sosionom, pedagogar og psykologar. Her kan du arbeide lavterskel. Vi søkjer etter deg som er ein positiv lagspelar i et tverrfagleg miljø, og som er trygg i rolla di. 

Det vert no lyst 100% fast stilling for psykologspesialist. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Kurs og gruppetilbod for barn, unge og foreldre
  • Lågterskel behandlingstilbod til ungdom
  • Rettleiing til foreldre i samarbeid med helsestasjonen
  • Rettleiing av tilsette og studentar
  • Arbeid med sårbare familiar
  • Delta i ulike konsultasjonsteam
  • Delta i tenesteutvikling og planarbeid

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Erfaring med systemarbeid, planarbeid, grupper/kurs

Personlege eigenskapar:

  • Interesse og engasjement for barn og unge feltet
  • God på relasjonar og må ha gode kommunikasjonsevner
  • Positiv til uvikling av avdelinga/eininga
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel

Anna: 

Vil vil vurdere kandidatane fortløpande og kalle inn til intervju. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.11.2021
  • Sted:
    Straume
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Straume
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4136754
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune