• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5183450
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.06.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Psykolog, psykologspesialist, 100% vikariat, innan Barn unge og familietenester i Oppvekst

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om stillinga:

Då ein av våre dyktige psykologar skal i foreldrepermisjon er det ledig vikariat for kommunepsykolog for barn og unge frå 1. august 2023. Du vil koma til eit engasjert fagmiljø der du vil arbeide tett med dei andre psykologane for barn og unge. Oppmøtestad er Straume kommunesenter, ca 15 minutt køyring frå Bergen sentrum.

Kommunepsykologane er ei eiga avdeling under eininga Barn, unge og familietenester (BUFT). Eininga er samansett av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar, kommunepsykologar for barn og unge og eit familie og rettleiingssenter som har fokus på førebyggjande arbeid rundt familiar og vaksne som arbeidar med barn og unge.

I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgrupper som helsesjukepleiarar, jordmødrer, helsesekretærar, familierettleiarar, miljøarbeidarar, pedagogar og psykologar .

 

Arbeidsoppgåver:

  • Kurs og gruppetilbod for barn, unge og foreldre
  • Lågterskel behandlingstilbod
  • Rettleiing til foreldre i samarbeid med helsestasjonen
  • Rettleiing av andre faggrupper
  • Arbeid med sårbare familiar
  • Delta i ulike konsultasjonsteam
  • Delta i tenesteutvikling og planarbeid

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Norsk autorisasjon som psykolog, psykologspesialist
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 Ønskjeleg med:

Erfaring frå arbeid med barn og unge

  • Erfaring frå arbeid med grupper/kurs

Anna:

Vikariatet varer i første omgang ut januar 2024.

 Personlege eigenskapar:

  • Interesse og engasjement for barn og unge feltet.
  • God på relasjonar og må ha gode kommunikasjonsevner.
  • Positiv til utvikling av avdelinga/eininga.
  • Strukturert
    • Sjølvstendig
    • Fleksibel

 Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

For nærare opplysningar om stillinga. Ta kontakt med:

Berit Algrøy, einingsleiar, telefon: 95208001

berit.algroy@oygarden.kommune.no

 

Søknadsfrist: 06.06.23

Vi tek kontakt med kandidatane etter kvart som søknadene kjem inn. 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5183450
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.06.2023