Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
14.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3895713Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 31.05.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Psykolog/ psykologspesialist 100% fast - PP-tenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Arbeidsoppgåver:
- Deltek i ulike tverrfaglege team og nettverk
- Konsultasjon, rådgiving og rettleiing med/til skular, barnehagar og andre
- Systemarbeid med skular og barnehagar
- Er ein del av eit tverrfagleg team internt på kontoret
- Utgreiing av barn og unge
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Profesjonsstudium i psykologi med norsk autorisasjon, gjerne med spesialistutdanning. Eventuelt vert det lagt til rette for å spesialisere seg.
- Anna relevant høgare utdanning kan bli vurdert ved mangel på søkjarar. Det er då ønskeleg med master i psykologi.
Ønskjeleg med:
- Praksis/erfaring med barn og unge, utgreiing, tiltaksutvikling og rettleiing
- Testkompetanse og erfaring retta mot barn i barnehage/førskulealder
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Anna:
Du må kunne bruka eigen bil i tenesta, og politiattest må framvisast ved tilsetting.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
14.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3895713Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 31.05.2021