• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    05.10.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5356621
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Psykolog i psykisk helseteam for barn, unge og familiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 100%  fast stilling som psykolog i psykisk helseteam for barn, unge og familiar ved eining Barn, familie og helse. Stillinga er ledig frå snarast. 

Giske kommune er opptatt av å levere gode tenester til alle innbyggjarane i kommunen, med stort fokus på barn og unge. Psykisk helseteneste til barn,unge og familiar er organisert i eining barn, familie og helse i lag med helsestasjonen, barnevernstenesta, PPT,  legetenesta, tildelingskontoret, flyktningetenesta og fysio/ergoterapitenesta. Desse teama har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats. Kontorstad er rådhuset på Valderøya.

Kommunen etablerte i 2016 eit psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar. Målet er å kome tidleg inn med førebyggande tiltak og å styrke det tverrfaglege arbeidet. Teamet har  i dag to  tilsette; 100 % stilling som psykolog og 100 % stilling som familierettleiar/terapeut. Teamet er veldig engasjert i arbeidet med å gi  gode tenester ved å jobbe i eit ressurs- og familieperspektiv, i tett samarbeid med andre tenester til barn og unge. I tillegg til klinisk individult arbeid, er det systemiske perspektive grunnleggande i tenesta. Vi er også opptatt av kollegarettleiing og gjensidig støtte i det daglege arbeidet. Einingsleiar for barn,familie og helse er næraste overordna.

For meir informasjon om tenesta kan du gå til Giske kommune si heimeside: https://www.giske.kommune.no/sosial-helse-og-omsorg /psykisk-helse/

Er du ein person som liker å jobbe med barn, unge og deira familiar, er strukturert, målretta og god på samarbeid, og er på utkikk etter ein spennande og lærerik arbeidskvardag, ser vi fram til å høyre frå deg. Stillinga kan vere svært aktuell for psykologer i spesialisering.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Offentleg godkjent/autorisasjon som psykolog, og i tillegg er det ønskeleg med sertifisering i ICDP, PMTO, COS-P.
  • Klinisk erfaring frå arbeid med barn og unge og foreldre
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil i tenesta.

Personlige egenskaper:

  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikative evner
  • Engasjement og løysingsvilje
  • Interesse for og evne til tverrfagleg samarbeid
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Trivst med å jobbe sjølvstendig og i team
  • Fleksibel

Vi tilbyr:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    05.10.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5356621
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune