• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    10.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4235712
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 24.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Psykisk helsearbeidar med spesialkompetanse på barn og unge.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Til ei fast 100% stilling som psykisk helsearbeidar i Fjaler kommune, ser vi etter ein medarbeidar som skal vere med å bygge opp og koordinere tenestene våre innanfor området psykisk helse for barn og unge. Vi søkjer ein engasjert og raus person som er god på teamarbeid og kommunikasjon.

Fjaler kommune har eit målretta fokus på barn og unge og vil auke kompetansen på dette området i avdelinga for psykisk helse. Personen som vert tilsett inngår i psykisk helse si ordinære drift som per i dag yt tenester til vaksne. I tillegg skal personen i denne stillinga ha kompetanse til å koordinere tenestene og jobbe direkte mot barn og unge som mottek tenester frå psykisk helse.

Vår nye medarbeidar ser moglegheiter i staden for avgrensingar i arbeidet sitt. Tenkjer du at dette kan vere noko for deg? Då håper vi at du vil sende oss ein søknad. 

 

 Arbeidsoppgåver

  • Ha fokus på helsefremjande og førebyggande arbeid
  • Arbeide direkte med personar si psykiske helse og spesielt barn og unge
  • Samarbeide med spesialisthelsetenesta gjennom pakkeforløp barn og unges psykiske helse og pakkeforløp psykisk helse og rus 
  • Jobbe tverrfagleg og førebyggande i samarbeid med andre tenester som oppvekst, helsetenestene, barnevernet, politi m.m.
  • Utarbeide samarbeidslinjer og prosedyrar for Fjaler kommune innanfor ditt nedslagsfelt
  • Vere koordinator og ansvarleg for individuell plan i samansette saker

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3 årig helse- og sosialfagleg utdanning
  • Erfaring fra arbeid med barn og unge
  • Ynskje om vidareutdanning innanfor pyskisk helse
  • Ynskje om vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge eller anna relevant utdanning innafor feltet barn og unge.

Personlege eigenskapar

  • Engasjert
  • Strukturert
  • God på samhandling og kommunikasjon
  • Personleg egna til stillinga

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og arbeidsvilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding, som ikkje er eldre enn tre månader. Har du spørsmål om stillinga må du gjerne ta kontakt. 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    10.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4235712
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 24.11.2021