Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.03.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5050648Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Prosjektstillingar 2*100%, Mobilitet og trafikkplanlegging
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune har gjennom byvekstavtale for Bergensområdet, Miljøløftet, forplikta seg til å arbeide for å nå målet om nullvekst i persontransport med personbil. Gjennom ulike tiltak i Miljøløftet arbeider vi for at
- det blir enklare og tryggare å vere syklist og gåande
- kollektivtilbodet blir betre
- vegane blir tryggare og trafikkavviklinga meir effektiv
- offentlege uterom blir trivelegare og grønare med plass til fleire menneske og færre bilar
- lufta vi pustar inn kvar dag blir betre
Gjennom to prosjektstillingar ønskjer vi å styrke kommunen sitt arbeid på dette området. Vi oppfordrar deg som vil vere med å forme framtidas trafikk- og mobilitetsløysingar til å søkje på desse.
Plassering av prosjektstillingane i organisasjonen
Arbeid med Miljøløftet er lagt til avdelinga Eigedomsutvikling og gjennomføring i kommunalsjefområdet Kultur og samfunn. Avdelinga har i dag 10 tilsette og har det overordna ansvaret for m.a. kommunen sine prosjekt i Miljøløftet.
Arbeidsoppgåver prosjektstilling 1 (mobilitetsrådgjevar):
- Strategisk og utøvande arbeid med haldningsskapande tiltak for å få fleire til å reisa miljøvenleg til skule, arbeid og i fritid
- Koordinera oppfølging og gjennomføring av mindre prosjekt knytt til mobilitet i Miljøløftet
- Arbeida med innovative og klimavenlege løysingar for mobilitet
- Delta i lokal arbeidsgruppe i Miljøløftet
- Stor fridom til å foreslå og prøva ut eigne idear
Arbeidsoppgåver prosjektstilling 2 (trafikkplanleggjar):
- Arbeid med trafikkanalyse og datagrunnlag knytt til mobilitet og trafikkplanlegging
- Delta i overordna transport- og mobilitetsplanlegging
- Delta i lokal arbeidsgruppe i Miljøløftet
- Stor fridom til å foreslå og prøva ut eigne idear
Kvalifikasjonar:
Høgskuleutdanning med relevanse innan trafikk/ mobilitet
For stilling 1:
- Relevant høgare utdanning. Lang og relevant erfaring innanfor fleire av områda nedanfor kan kompensera for krav om høgare utdanning.
- Erfaring med prosess- og prosjektleiing
- Erfaring som er relevant for både strategisk og utøvande arbeid med mobilitet og reisevanar, som blant anna medverknadsarbeid og innbyggarinvolvering
- Kjennskap til miljøvenlege teknologiløysingar og innovasjonsarbeid er ønskeleg, men ikkje eit krav
For stilling 2:
- Relevant høgare utdanning. Lang og relevant erfaring innanfor fleire av områda nedanfor kan kompensera for krav om høgare utdanning.
- Erfaring med bruk av analyseverktøy knytt til trafikk- og mobilitetsplanlegging
- God kunnskap og interesse for bruk av GIS i planlegging
Personlege eigenskapar:
Stilling 1
- Løysingsorientering og sterk på samarbeid, samhandling og koordinering
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Engasjert, sjølvstendig og initiativrik
Stilling 2
- Analytisk, strukturert og systematisk
- Løysingsorientert og god evne til å samarbeida med andre
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr:
- Spennande jobb i ein utviklingsorientert kommune
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høg grad av sjølvstende i arbeidet
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
Tilsetjing:
Prosjektstillingane skal godkjennast i Miljøløftet i mars, og tilsetjing kan skje før sommaren 2023.
Kontakt:
Rune Landro, assisterande kommunalsjef Kultur og samfunn
Mob. 938 17 044
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.03.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5050648Se her for andre jobber fra Øygarden kommune