• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    23.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3041802
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 23.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Prosjektstilling NAV Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100% stilling som arbeidsleiar for aktivitetar i Ungdomsbasen.

Prosjektet er i første omgang for eitt år, med mogleg forlenging i inntil tre år. Det kan vere høve for fast tilsetting etter avslutta prosjektperiode. Målet for dette prosjektet er at unge under 30 år skal få eit heilskapleg tilbod om arbeid og aktivitet.
NAV Sogndal har etablert ein ungdomsbase i Fjørevegen 17. Dette skal vere ein uformell møtestad der NAV skal legge til rette for tett oppfølging av ungdom og samarbeid med ulike aktørar.


Prosjektstillinga vil inngå i ungdomsteamet ved NAV Sogndal, og ha ansvar for arbeidsretta tiltak ved ungdomsbasen.
Arbeidsstad: Fjørevegen 17
Arbeidsgivar er leiar i NAV Sogndal.


Arbeidsoppgåver
• Ansvar for dagleg drift av aktivitetstiltak for unge under 30 år
• Samarbeid med dei ulike einingane i Sogndal kommune og Frivilligsentralen om arbeidsoppdrag og aktivitetar
• Engasjere og motivere ungdom i målgruppa
• Jobbe systematisk med å utvikle tilbodet
• Vere arbeidsleiar og delta i oppgåvene som vert tildelt frå kommunen
• Bidra til å etablere gode rutinar for samarbeidet med Sogndal kommune og andre om tilgang på arbeidsoppdrag og gjennomføring av aktivitetane.
• Fortløpande evalueringar av prosjektet saman med prosjektgruppe, NAV og Sogndal kommune

Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har erfaring frå
• Arbeid med ungdom
• Rettleiing/Rettleiingskompetanse
• Koordinering av team og samarbeid på tvers av ulike einingar
• Gruppeoppfølging
Utdanning er aldri ei ulempe, men det er ikkje spesifikke krav til utdanning eller utdanningsretning
Vedkomande må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som
• har særs gode samarbeidsevner og kan motivere ungdommar
• er strukturert og systematisk
• er initiativrik, fleksibel og løysingsdyktig
• er positiv og nysgjerrig
• kan skape gode relasjonar og tillit i møte med alle slags menneske i ulike miljø
Personlege eigenskapar vert vektlagd
Vi tilbyr
• Spennande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
• Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
• Tilsetting i tråd med kommunalt regulativ i Sogndal kommune
• Lønn etter avtale


Kontaktperson: Idunn Litleré Brodahl, tlf. 412 72 108

NAV (arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gi menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynsker meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynsker at alle kvalifiserte kandidatar søkjer jobb hjå oss. Vi legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søke jobb hjå oss. De er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Søkjarar som tilkjennegir at de har nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en, vert gjort merksam å at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad dersom vedkomande blir tilsett. Vi gjer merksam på at CV blir nytta til utvida søkjarliste. Dersom du ynsker å bli unnateke frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom ynsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    23.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3041802
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 23.07.2020