• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    19.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4607561
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 06.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Prosjektstilling 100 % , Helse og velferd

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som kan leggje til rette for nye spennande aktivitetstilbod for eldre i alle kommunedelsentra! Gjennom systematisk samarbeid med frivillige, lag/organisasjonar og elevar frå ungdomskulane, har ein som mål å utvikle nye tilbod som kan forhindre einsemd og passivitet hjå eldre som bur heime.
Satsinga er knytt opp mot kvalitetsreforma Leva Heile Livet og stillinga er støtta av Helsedirektoratet. Arbeidsstad vil være i nyleg etablert aksjonssenter, lokalisert i Øygarden lokalmedisinske senter.

Dette er ei 1. årig prosjektstilling


Arbeidsoppgåver :
• Leggje til rette for strukturert samarbeid mellom eldre, pårørande, frivillige, lag/organisasjonar og elevar frå ungdomskulane med valfag «innsats for andre».
• Fasilitera for utvikling og etablering av nye aktivitetstilbod i alle kommunedelsentra.
• Delta i arbeid med marknadsføring og digitalisering av frivillig satsing mot eldre.
• Rapportera prosjekt til helsedirektoratet ved prosjektslutt.


Kvalifikasjonar:

• 3-årig høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning på bachelor/masternivå
• Kompetanse/ erfaring i prosjektleiing/ utviklingsarbeid
• Gode IKT kunnskapar

Ønskjeleg med:

• Kurs /erfaring innan områder som arrangement for eldre, utvikling av aktivitetstilbod, digitalisering, service, tenesteutvikling, marknadsføring og kommunikasjon.


Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, strukturert og stor grad av gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjonsevner - både munnleg og skriftleg
  • Serviceorientert og gode samarbeidsevner


Anna:

  • Ynskjeleg med førarkort klasse B


Vi tilbyr:

• Arbeidstid etter avtale/fleksitid
• Løn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA-bedrift
• Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
• Interessante utfordringar
• Høve til fagleg og personleg utvikling


Kontakt:

Janne Mo mob. 478 23 425,  janne.mo@øygarden.kommune.no
Prosjektleiar/Rådgjevar Helse og velferd

Line Barmen mob. 997 07 128,  line.barmen@oygarden.kommune.no
Kommunalsjef/ Helse og velferd

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    19.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4607561
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 06.05.2022