• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3029871
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Prosjektmedarbeidar 100% mellombels stilling- Nav Øygarden

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Prosjektmedarbeidar - 100% mellombels stilling inntil et år med moglegheit for forlenging-  NAV Øygarden

Vil du være med å bidra inn i eit spennande innovasjonsprosjekt?

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

NAV Øygarden  har fått midlar frå Fylkesmannen i Vestland til å utvikle eit gruppetilbod for ungdom kor bruk av digitalt verktøy står sentralt. Prosjektet heter «Øygarden Modellen» og er eit innovasjonsprosjekt som skal bidra til å produsere kunnskap som er overførbar til andre NAV kontor. Målet med prosjektet er å auke kvaliteten i oppfølging av ungdom gjennom  å møte dei på deira eigen kommunikasjonsarena. Ungdomane vil gjennom bruk av eit verktøy samskape løysingar på utfordringar som mange ungdommar opplever.

Prosjektet har som mål å utvikla og dokumentere ein ny kunnskapsbasert metodikk og arbeidsprosess som kan nyttast på oppfølging av ungdomar som er i kontakt med NAV. Prosjektet vil ha to tilsette – ein prosjektleiar og ein prosjektmedarbeidar.

Om avdelinga:

NAV Øygarden er ein spannande og utviklande arbeidsplass og har om lag  70 høgt kvalifiserte og motiverte  tilsette fordelt over tre avdelingar.  Stillinga som prosjektmedarbeidar er organisert under avdeling Ungdom og Marknad.

NAV Øygarden har ansvar for å yte tenester etter folketrygdloven, arbeidsmarknadsloven og lov om sosiale teneste i NAV. Kontoret har også ansvar for gjeldsrådgjeving.

Vårt hovudfokus er å gi menneske med behov for bistand mogelegheit for arbeid og aktivitet gjennom godt samarbeid med næringslivet

Avdeling Ungdom og Marknad består av tre team, Marknadsteamet, Jobbspesialist team og Ungdomsteam.  Prosjekt stillinga er lagt til Ungdomsteamet.

Ungdomsteamet driv oppfølging av ungdommar opptil 30 år. Lågterskel aktivitetstilbod for ungdom er eit at tiltak som ligg til Ungdomsteamet.

Vi søkjer etter deg som er opptatt av utvikling, rettleiing og å motivera menneske. Som tilsett skal du ivareta NAV sitt samfunnsoppdrag og vere opptatt av å formidle eit jobbmeistrande perspektiv i møte med brukar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Drive gruppetiltak  for ungdom. Gruppeprosessar som samanfattar digital deltaking og gruppesamtaler i hht prosjektskildringa.
  • Utvikle gruppemetodikken
  • Dokumentere metodikken i ei metodebok
  • Samarbeide tett med ungdomsrettleiarane i Ungdomsteamet

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Minst tre-årig høgare utdanning fortrinnsvis  innan helse/sosial/pedagogikk /samfunnsfag
  • Erfaring frå arbeid med oppfølging av ungdom i utanforskap
  • Rettleiingskompetanse

Ønskjeleg med:

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God forståing av NAV sitt samfunnsoppdrag
  • Digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å møte brukarar der dei er
  • God relasjonsbyggar og evne til å skape tillit
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Evne til å bidra til å skape eit god samarbeidsklima med brukar, kollegaer og samarbeidspartar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Einingsleiar NAV Øygarden , Nina -Susanne Andersen , tlf 971 69 980 / nina.andersen@nav.no

Avdelingsleiar Kari Mette Fedje  tlf 934 23 727 / Kari.mette.fedje@nav.no        

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3029871
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.07.2020